SLÅR TILBAKE: Opposisjonen i Sogndal ønskjer "meir dialog, mindre syting og fleire svar". Frå venstre: Gunhild Bøyum (H), Eivind Dahl (H), Hans Haugen (V), Rita Navarsete (Frp) og Arne Glenn Flåten (H). Representantar frå KrF og Sp hadde ikkje høve til å møta.
SLÅR TILBAKE: Opposisjonen i Sogndal ønskjer "meir dialog, mindre syting og fleire svar". Frå venstre: Gunhild Bøyum (H), Eivind Dahl (H), Hans Haugen (V), Rita Navarsete (Frp) og Arne Glenn Flåten (H). Representantar frå KrF og Sp hadde ikkje høve til å møta. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Opposisjonen i Sogndal etterlyser betre dialog på tvers av partigrensene

– Måten me jobbar på er gamaldags, seier Arne Glenn Flåten (H), som ikkje kan lova at dei vil sitta noko stillare i båten framover, trass i forsoningstaktene.

Sogndal: Laurdag hadde opposisjonen kalla inn til pressekonferanse på Vesterland. Der var bodskapet at dei ønskjer meir openheit og dialog i sogndalspolitikken. Det iskalde klimaet som har oppstått etter kommunestyret i februar meiner dei demonstrerer kvifor det er naudsynt.

Konkret etterlyser dei eit forum der politikarar på tvers av partigrenser kan møtast.

– Måten me jobbar på i sogndalspolitikken er gamaldags. Me leser oss inne på kvar våre gruppemøte, og så møter me kvarandre i kommunestyret. Me manglar ein arena der me kan kasta ball med kvarandre om saker, seier Arne Glenn Flåten (H).

Overraska over mobbeskuldingar

Opposisjonen er mildt sagt overraska over dei sterke reaksjonane som kom etter møtet i februar. Dei meiner tvert om at det er deira plikt som opposisjonspolitikarar å stilla kritiske spørsmål.

Sjølv om dei no manar til dialog, betyr ikkje det at kamplysta er svekka etter skuldingane om å køyrt eit «rått løp» mot rådmannen.

– Det er framleis mange spørsmål me ikkje har fått svar på. Så lenge det er slik, så er ikkje denne saka ferdig. Me vil ikkje lenger sitta og nikka stille til det som skjer. Me kjem til å halda fram å påpeika det me meiner er feil, seier Flåten.

I det siste har opposisjonen stadig oftare møttest til uformelle samtalar. Det er ein slik praksis dei håpar dei andre partia òg vil omfamna.

– Då har det ikkje berre handla om barnevernet, men me har diskutert ganske breitt politikken og det som skjer i Sogndal kommune, seier Eivind Dahl (H).

– På ingen måte ei krigserklæring

Etter kommunestyremøtet i februar vart det problematisert at opposisjonen verka så samkøyrt, at «angrepet» på rådmannen var velregissert og planlagt. Rita Navarsete (Frp) kan ikkje forstå at nokon kan ha motførestillingar mot at opposisjonen snakkar saman.

– Dei fekk det til å verka som om me hadde gjort noko ulovleg. Det var omtrent det verste dei hadde høyrt, seier Navarsete, som lovar «mykje god planlegging framover». 

Viss det skal koma noko godt ut av støyen, håpar dei det blir at politikarane blir flinkare til å snakka saman utanfor dei fire veggane i kommunestyresalen.

– Dette er på ingen måte ei krigserklæring. Me ønskjer berre meir openheit, mindre syting og at me får svar på det me spør om, seier Flåten.

Til toppen