Sogn: Lokalisering av det nye lønns- og reknskapssenteret til politiet vart tema i Stortingets spørjetime onsdag. Representantar frå Senterpartiet, KrF og Arbeidarpartiet uttrykte uro over at kriteria som blir lagt til grunn for plasseringa av det nye senteret, gjer at berre Oslo og det sentrale austlandsområdet blir aktuelt.
– Det er viktig at statsråden pressar på. At berre Austlandet er vurdert, overraskar meg veldig, sidan politireforma seier at det skal leggjast vekt på spreiing av funksjonar, sa KrFs Kjell Ingolf Ropstad.
Fleire stortingsrepresentantar var opptatt av både at statlege arbeidsplassar skal spreiast til andre delar av landet og at sterke fagmiljø skal byggjast opp på ulike stadar i landet.
Justisminister Anders Anundsen (Frp) forsikra om at dei nasjonale retningslinjene skal leggjast til grunn for lokalisering av nye arbeidsplassar.
Anundsen vart også utfordra på om progresjonen av politireforma går raskt nok. Venstres Iselin Nybø fortalde om kontakt med politifolk rundt om i landet som er frustrerte over å ikkje vite om deira lensmannskontor skal leggjast ned og kva som skjer i prosessen.
– Det er same tilbakemelding eg har fått. Det er mykje utålmod der ute. Det er høg motivasjon for endring, og jo lengre tid det tar, jo meir uvisse blir det knytt til eigen kvardag, sa Anundsen. Han påpeikte at han har månadlege møte med leiinga i Politidirektoratet, som er i sluttfasen med å fastslå kvar tenestestadane skal liggje. (©NPK)