TOLMODIG KAR: Rådmann Olve Fossedal er blant dei som er glad for at vegen mellom Årdalstangen og Fodnes no blir tryggare.
TOLMODIG KAR: Rådmann Olve Fossedal er blant dei som er glad for at vegen mellom Årdalstangen og Fodnes no blir tryggare. (Foto: Halvor Farsund Storvik / Arkiv)

Oppreinskinga i fjellsida har teke tid, men rådmannen meiner det er verdt å venta på trygg veg

Både rådmann Olve Fossedal og Leif Henning Øyre i Statens vegvesen er glade for at det vesle vegstykket forbi Finnsåstunnelen no vert tryggare enn før. 

Årdal: Mange har vore frustrerte over at Årdal har vore meir eller mindre isolerte sidan raset 4. januar. Dagen etter raset var det snakk om å byrja å rydda vegen den påfylgjande laurdagen, i staden startar dette arbeidet for fullt ein laurdag seinare, laurdag 13. januar. 

Då det var snakk om å opna vegen denne fredagen var det mange som meinte det har teke for lang tid, og no er det som kjent klart at opninga av vegen fyrst vil skje søndag. 

Rådmannen i kommunen er ikkje blant dei som er kritiske til tidsbruken.

– Eg kan godt forstå at folk opplever at dette tek litt lang tid. Men føremålet med å gå grundig til verks no er å gjera dette vegstykket so trygt som råd. Dei tryggar og sikrar vegen, seier rådmann Olve Fossedal. 

IKKJE BERRE SPYLING: Også denne reiskapen har vegvesenet nytta til å få ned steinar i frå skråninga. Helikopteret har bokstavleg tala denga laus på steinane med jarnkula for å få dei til å rulla ned. Bilde: Statens vegvesen

Ein viktig grunn til oppreinskinga er å trygga dei tilsette i vegvesenet når dei skal rydda raset frå vegbana. Men rådmannen meiner det òg kan sjåast på som som ei form for rassikring.

– Når dei vel å spyla bort lausmassen og steinane som ligg att i fjellskråninga, so er det fordi dei meiner det kan vera til fare for folk som fer forbi. Dei vil ikkje sleppa til trafikantar før dei er sikre på at ikkje noko kan koma ned som er til fare, seier han.

Rådmannen seier kommunen får informasjon frå vegvesenet om framgangen og at han har full tillit til at vegvesenet gjer gode vurderingar.

– Dei som jobbar med dette veit kva det dreiar seg om.

– Å få lausmasse på biltaket kan vera livsfarleg

Av omsyn til tryggleiken til dei som skulle jobba på nedsida av skråninga, rådde geologane til å fjerna all lausmassen i fjellsida før ein gjorde noko anna.

– Me måtte sikra området og få lausmassane vekk. Både av omsyn til tryggleiken åt vegarbeidarane, og av omsyn til alle dei som skal nytta vegen etterpå, seier Leif Henning Øyre i Statens vegvesen. 

Lausmassen i skråningen har steinar i seg som kunne vore potensielt svært farlege for bilistar. 

– Me kunne ikkje berre opna vegen og seia at her kan folk køyra. Om det ikkje var trygt for oss å jobba på nedsida av raset, er det heller ikkje trygt å sleppa bilistar gjennom. Ein veit aldri kva for storleik det er på steinane som kan koma ned. Å få ein stein av ein viss storleik frå fjellsida og ned på biltaket er livsfarleg. 

Til toppen