Lærdal: Eit samrøystes formannskap gjekk 27. august inn for å vera med på ordninga med beredskapsteam som skal gå inn i tunge mobbesaker.
– Dette er det flott at me er med på og viktig at me tek tak i, etter dei dårlege tala på mobbing og etter oppslag i media, seier Stein Vidar Nemeth (Sp).
Då kommunane i Sogn og Fjordane no får moglegheit til å delta i det som er ei vidareføring av prosjektet "Beredskapsteam mot mobbing", som er sett i gang av KS og Foreldreutvalet for grunnskuleopplæringa, ønskjer også Lærdal å vera med.
I saksutgreiinga legg administrasjonen til grunn dei høge tala for mobbing i Elevundersøkinga gjennom fleire år i tillegg til vanskelege enkeltsaker. Difor er det naturleg å vera med i prosjektet, som gir gratis opplæring til inntil fire deltakarar i beredskapsteamet. Då det er viktig å løyse desse sakene så tidleg som råd, både for elevane det gjeld og læringsmiljøet på skulane, kan hjelp utanifrå vera nyttig for å auka kompetansen hos personar i kommunen.
Rådmannen skriv i si tilråding at eit tverrfagleg beredskapsteam mot mobbing kan vera eit nyttig supplement til skulane si handtering av mobbesaker, då beredskapsteamet skal vera til hjelp for skulene i å løyse sakene, ikkje overta dei.