FOND: Under Jotun sitt årsmøte onsdag kom dei fram til at det skal opprettast eit eige fond for skianlegget i Fardalen.
FOND: Under Jotun sitt årsmøte onsdag kom dei fram til at det skal opprettast eit eige fond for skianlegget i Fardalen.

Opprettar fond for skisenteret i Fardalen

Styra i skisenteret og skigruppa bestemte onsdag at det skal opprettast eit fond for framtidige investeringar for skisenteret i Fardalen.

Begge gruppene vil arbeide for å få midlar inn i fondet. Fondet skal disponerast av Skisenteret, men bruken av midlar skal godkjennast i begge styre.

Det er Jotun som eig skisenteret, og forslaget vart einstemmig vedteke under Jotun sitt årsmøte.

Velvilje i bygda

Før fekk skisenteret eit fast tilskot på 20.000 kroner, slik er det ikkje i dag. Skisenteret i Fardalen kostar omlag 125.000 kroner å drifta i året.

Under styremøte i Jotun kom det fram at folk er flinke til å støtta opp om skisenteret og at det er velvilje i bygda.

- Vi har klart å skrapa saman omlag 100.000 kroner kvart einaste år, kom det frå styret til skisenteret under årsmøte i Jotun onsdag.

Forslag vart nedstemt

For å få støtte frå Jotun sine midlar må årsmelding, sportsplan, lovleg valt styre, fast aktivitet i sesongen og trenar vera  godkjent.

Under årsmøte kom det spørsmål om skigruppa får skisenteret sine utgifter dekka av Jotun. Skisenteret har sitt eige styre utanom skigruppa.

Skigruppa har ikkje hatt tilskudd siste åra. Her kjem midlane frå folk som er flinke å støtta dei og bedrifter.

Det kom kommentar om at driftsutgifter til skigruppa og skisenteret må sjåast under eit. Forslag om årleg overføring i anleggsfondet var nemnd, men dette ønskja ikkje skigruppa.

- Alle poster fordelast berre med 80% av total sum. Resterande 20% av alle poster burde disponerast av hovudstyret. Dette vil fungera som ein buffer for uforutsette og utegløymde poster, sa Knut Jevnaker.

Han fekk tilsvar på at eit slikt forslag vil gå ut over seniorar i laget. I til dømes handballen vil då alle over 16 år måtte betale høge kostandar for å drive med sin idrett.

Dette forslaget vart avvist mot ni stemmer.

Til toppen