Luster: Politiet er framleis på ulukkesstaden saman med representantar frå ulukkesgruppa til Vegtrafikksentralen. Det blir no jobba med undersøkingar for å kunne sei meir om hendingsforløpet og årsaka, då ein rutebuss frontkolliderte med ein personbil på Hafslo i føremiddag.
Vidare kjem det fram at politiet opprettar sak på forholdet.
Tolv personar var involverte i ulukka som resulterte i store materielle skadar og at ein person omkom. Ti personar sat i bussen, medan to personar sat i personbilen. Der dei mest alvorlege skadane fann stad hjå dei to sistnemnte.