VIL HJELPE ANDRE: Andrea Voll Voldum frå Lærdal starta ein nasjonal debatt om rettstryggleiken til valdtektsoffer etter at ho stod fram med si historie. Foto: arkiv.
VIL HJELPE ANDRE: Andrea Voll Voldum frå Lærdal starta ein nasjonal debatt om rettstryggleiken til valdtektsoffer etter at ho stod fram med si historie. Foto: arkiv.

Opprettar stifting etter Hemsedal-saka

Andrea Voll Voldum (21) frå Lærdal skapte nasjonale bølgjer då ho stod fram med si valdtektshistorie i fjor sommar. No vil ho hjelpe andre gjennom stiftinga «Vi Tror Deg».

  • Endret

(NPK-NTB): Stiftinga vart lansert i dag og er eit samarbeid med June Holm. Dei to møttest under demonstrasjonen «Rettssikkerhet for kvinner» i Oslo i fjor sommar, skriv VG. Holm måtte gjennom fire rundar i retten før mannen som valdtok henne blei dømt. I Voldum si mykje omtalte sak blei dei tiltalte frikjent. 

Gjennom stiftinga ønsker dei to å knytte seg til eit team av politi, advokatar og psykologar som kan hjelpe jenter og kvinner som er blitt utsette for overgrep. Mange har føreslått kronerulling for Voldum, men ho vil ikkje ha pengar til si eiga sak.

– Eg vil heller kunne hjelpe andre og få til noko større. Eg trur at vi med vår openheit allereie har hjelpt mange, og dette vil vi halde fram med, seier ho.

Les også: Ho har skapt enorm debatt med valdtektshistoria si
Les også: Tusenvis støtta opp om Andrea Voldum (21) i Oslo

Holm seier stiftinga skal bidra til at folk føler seg sett og høyrt.

– Vi skal førebyggje valdtekt, avdekkje seksuelle brotsverk og overgrep, styrke rettssikkerheita og ta vare på valdtektsoffer og deira pårørande, seier ho.

Kvinnene vil også jobbe for meir openheit og for å fjerne stigmaet rundt kjensler om skam og skuld.

Til toppen