HAR TRUA: Kaupangertrenar Øystein Lindesteg Rinde trur sjansane er gode for opprykk til 1.divisjon, og meiner den hardaste nøtta blir å vinna avdelinga. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes
HAR TRUA: Kaupangertrenar Øystein Lindesteg Rinde trur sjansane er gode for opprykk til 1.divisjon, og meiner den hardaste nøtta blir å vinna avdelinga. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes

– Opprykk vil vera løft for damefotballen i heile fylket

Kaupangertrenar Øystein Lindesteg Rinde trur den tøffaste jobben blir å vinna avdelinga på vegen mot 1.divisjon.

Kaupanger: – Vestlandsavdelinga er den beste og hardaste, det er det ikkje tvil om. I alle fall er det avdelinga med det jamnaste nivået. Så me må først og fremst vinna den og ta det vidare derifrå.

Mykje står på spel for Lindesteg Rinde og laget hans den komande halvanna veka. Dei leier 2.divisjon avdeling 4 med eitt poeng ned til Hinna frå Stavanger på 2.plass. Komande helg møter Hinna laget som ligg definitivt sist på tabellen - Forus og Gausel.

Gler seg til seriefinale mot Hinna 

Kaupanger spelar heime mot Arna-Bjørnar 2, som er plassert midt på tabellen. Likevel er det eit visst "men" her.

– Viss dei stiller med mange spelarar frå førstelaget i Toppserien blir det tøft. Me har uansett kvalitetar til å ta dei, men jobben må gjerast, seier Lindesteg Rinde.

Alle andre utfall i runden til helga enn eit - i så fall svært overraskande - Hinna-tap, vil gje ein skikkeleg seriefinale på Wintershallbanen neste søndag.

–  Me vann 5-0 heime mot Hinna, utan at det betyr noko når me kjem til neste søndag. Men me har vunne kvar kamp dei siste månadane og har god sjølvtillit om dagen. Sjølv om me har ein brei stall håpar me å ha alle våre beste tilgjengelege til den kampen. Eg gler meg skikkeleg, seier Lindesteg Rinde.

Les også: Kaupanger har no elleve sigrar på rad

– Med opprykk er me av dei beste laga i heile Noreg

Eit skot for baugen for det særdeles stabile Kaupangerskipet var då Tea Berteig vrei ankelen på trening i førre veke. 

– Ho har scora ni og hatt atten målgjevande denne sesongen, så ho betyr mykje for oss. Men me meiner å få henne klar til Hinna-kampen.

Kaupanger har vore i 2.divisjon i to sesongar, men kan altså ta steget opp att i det nest beste selskapet i damefotballen dersom dei først vinn serien og deretter kvalifiseringa.

Det er seks avdelingar i 2.divisjon og vinnarane av alle avdelingane går inn i eit kvalifiseringsspel med to grupper á tre lag. Om Kaupanger vinn avdeling 4 vil dei møta vinnaren i avdelinga for det indre Austlandet og avdelinga for Finnmark til kvallikspel.  Der spelar alle tre mot kvarandre i slutten av oktober og starten av november. Dei to beste i kvalifiseringsspelet av dei tre laga rykkjer opp til 1.divisjon

I avdelinga for det indre austlandet ligg Lillestrøm kvinner 2 an til å vinna serien, men andrelag kan ikkje rykka opp til 1.divisjon. Også på dei tre neste plassane ligg det andrelag, så etter alt å døma vil Ørn Horten som no ligg på 5.plass bli den eine motstandaren for Kaupanger - dersom kaupingane altså vinn si avdeling. I Finnmark har Bossekop frå Alta vunne avdeling 9 og blir den andre motstandaren i kvallikspelet.

– Målsetnaden har heile tida vore å rykkja opp -  då vil me vera av dei beste laga i heile Noreg. Det gir enno større utfordringar, betre matching for dei beste spelarane våre og eit løft for damefotballen i heile fylket.

Til toppen