SLUTTA MED TAP: Lars Christian Kjemhus forlet Sogndal etter sesongen. Han var kvikk då han kom innpå, men greidde ikkje å hjelpa laget til siger i avskjeden. Foto: arkiv.
SLUTTA MED TAP: Lars Christian Kjemhus forlet Sogndal etter sesongen. Han var kvikk då han kom innpå, men greidde ikkje å hjelpa laget til siger i avskjeden. Foto: arkiv.

Opprykksdraumen brest etter tap mot Aalesund

Sogndal kjempa, men tapte fortent på bortebane.

Aalesund-Sogndal: 3-1 (0-0)

Det var ein skuffa Sogndal-trenar Eirik Bakke som vart intervjua etter kampen.

– Me blir litt små i dei avgjerande situasjonane i boksen. Det er ein ung gjeng me har, og det såg me litt i dag, sa Bakke til Eurosport sine reportarar.

Livna til etter pause

Etter ein mållaus førsteomgang, tok det fyr etter pause. Få minutt var passert då Aalesund skåra på ei billig straffe. Sogndal fekk revansje nærast på direkten, då Ulrik Fredriksen putta frå kort hald etter eit hardt innlegg frå Joachim Soltvedt.

Omgangen hadde knapt passert ti minutt då heimelaget slo til igjen. Mannen med det gøyale namnet, Pape Gueye, dunka ballen i mål på ein vakker volley.

Eirik Bakke tok grep og sette inn Lars Christian Kjemhus og Ulrik Flo, medan Bjørn Helge Riise og Sixten Dalen Jensen måtte setta seg på benken.

Aalesund hadde vore det klart dominerande laget, men etter 2-1 fekk Sogndal meir grep om kampen. Det heilt store trøkket vart det likevel ikkje mot heimemålet.

Skuffa Soltvedt

I eit siste forsøk vart spiss Akor Adams kasta inn for venstreback Tomas Totland. Den verkelege sluttspurten kom først då kampuret nærma seg full tid. Tre farlege hjørnespark på rappen var nok til å få opp pulsen på tribuna, men ikkje til å få ballen i mål.

Dommaren la til fem minutt, og gav Sogndal eit glimt av håp. I staden var det Aalesund som sette spikaren i kista. Pape Gueye var iskald då han lobba ballen over Dyngeland etter ei kontring, hans andre mål for kvelden.

Sigeren var nok vel fortent, og betyr at Aalesund skal møta Stabæk i to avgjerande kvalifiseringskampar. Vinnaren får spela i Eliteserien i 2019, medan taparen må halda Sogndal med selskap i OBOS-ligaen.

– Det er utruleg skuffande. Me hadde verkeleg lyst tilbake til Eliteserien, men Aalesund vann fortent, sa Joachim Soltvedt til Eurosport etter kampen.

Til toppen