MØTEST I RETTEN: Helse Førde er stemna til retten av ein tidlegare tilsett, som meiner han fekk sparken på urett grunnlag.
MØTEST I RETTEN: Helse Førde er stemna til retten av ein tidlegare tilsett, som meiner han fekk sparken på urett grunnlag.

Oppseiing på Lærdal sjukehus endar i retten: – Eg har aldri lagt skjul på noko

Den tilsette er skulda for økonomisk utruskap, men meiner sjølv han har gjort ein uskuldig feil.

Lærdal: Ein tilsett ved Lærdal sjukehus fekk i januar sparken etter skuldingar om økonomisk utroskap. No har stemna Helse Førde for retten, i håp om å få jobben tilbake.

Han meiner Helse Førde ikkje har teke omsyn til hans dokumentasjon og forklaring i saka.

– Eg har gjort ein feil, men den er ikkje så stor at den burde føra til avskjed. Eg har aldri lagt skjul på noko, seier han.

Vil koma rykta til livs  

Rettssaka startar 21. august og varer i tre dagar. Fram til då ønskjer den avskjediga mannen å halda korta tett til brystet, men han gler seg til å legga fram sin versjon av det som har skjedd. 

– Det går jo ein del rykter her på bygda, med ein annan versjon enn det som eigentleg har skjedd. Det skal bli godt å få ein uavhengig rett til å sjå på det og avgjera kva som er rett og gale, seier han.

Porten.no har ikkje lukkast i å koma i kontakt med nokon frå Helse Førde som kan kommentera saka.

Til toppen