KRITISK: Justispolitisk talsperson for Sp, Jenny Klinge, kritiserer det ho meiner er oppspinn frå Høgre og Frå i innlegget.
KRITISK: Justispolitisk talsperson for Sp, Jenny Klinge, kritiserer det ho meiner er oppspinn frå Høgre og Frå i innlegget. (Foto: Senterpartiet)

MEININGAR

Oppspinn frå Høgre og Frp

– Det å opprette fleire kontor er riktig nok eitt av grepa vi ønskjer å gjennomføre viss vi kjem i regjering igjen, men ikkje minst ønskjer vi å styrke dei gjenverande lensmannskontora, skriv justispolitisk talsperson for Sp, Jenny Klinge, i innlegget.

Meiningar: Vi har sett ein tendens til at Høgre og FrP finn opp ting som dei påstår at Senterpartiet meiner, før dei så argumenterer mot sitt eige oppspinn for å stille oss i eit dårleg lys. 

Nyleg kom det påstandar frå Høgre-representantar frå Østfold om at Senterpartiet ville kutte i både domstolar, fengsel og lensmannskontor. Fakta er at Sp gjorde framlegg i vårt alternative statsbudsjett for 2020 om å kutte i budsjetta til enkelte direktorat og føre pengane ut i førstelina. I tillegg plussa vi på over ein halv milliard meir enn regjeringa på justisbudsjettet, noko som ville styrka dei lokale tenestene og arbeidet til dei frivillige. Kritikken heng med andre ord ikkje på greip. Det er i det heile vanskeleg å tru at representantane faktisk har lese vårt alternative statsbudsjett, sjølv om dei refererer til

Paradoksalt nok har reforma redusert mange av dei gjenverande kontora til like små kontor som dei regjeringa latterleggjorde for å få gjennom reforma.

Jenny Klinge

det og kritiserer innhaldet.

Vil styrkje lensmannskontor 

Den same mistanken kan ein faktisk rette mot justisministeren frå FrP og Frida Melvær frå Høgre. Dei meiner å lesa ut av vårt alternative statsbudsjett at Sp er nøgde med politireforma berre vi får oppretta 20 fleire lensmannskontor. For det første står det ikkje noko om dette i vårt alternative budsjett. 

Då 122 lensmannskontor vart nedlagte, var det ei klar forventning hos dei andre kontora at dei skulle bli styrka, ikkje svekka. Vi i Sp såg at både små og store lensmannskontor som stod igjen etter reforma i staden var i ferd med å bli ribba for folk, oppgåver og ressursar. Derfor gjorde vi framlegg i Stortinget om å styrke alle desse kontora. Overraskande nok stemte H og FrP for dette, men sidan har ikkje regjeringa levert på dette samrøystes vedtaket frå Stortinget.

Kan ikkje innfri på éin dag 

Når det gjeld det å finansiere politiske lovnader, trur eg dei fleste er klar over at alle lovnader ikkje kan vera innfridde på ein dag. Akkurat som Høgre i valkampen i 2017 lova 1500 nye politifolk om dei  berre fekk behalde regjeringsmakta, var det ikkje akkurat slik at dei fullfinansierte dette i framlegget deira til statsbudsjett for 2018. Av praktiske årsaker må slikt takast over fleire år, såpass forståing får vi vise, sjølv overfor våre politiske motstandarar. Vi tek gjerne imot kritikk frå regjeringspartia, men det må fortrinnsvis gjelde den politikken og dei meiningane vi faktisk har.

Til toppen