OPPSVING: Kjøtet frå desse har fått seg ein oppsving att; både Norgesgruppen og Coop har seld over 30 prosent meir lammekjøt til no i år i høve i fjor. Arkivfoto
OPPSVING: Kjøtet frå desse har fått seg ein oppsving att; både Norgesgruppen og Coop har seld over 30 prosent meir lammekjøt til no i år i høve i fjor. Arkivfoto

Oppsving i salet av lammekjøt

Både Coop og Norgesgruppen fortel om sterk auke i salet av lammekjøtt i haust, ein trend som òg er merkbar hos slakteria.

  • Endret

Så langt i år har Coop-kjeda seld 35 prosent meir lammekjøtt enn i fjor, mens Norgesgruppen no ligg rundt 30 prosent over fjorårsnivået, ifølgje Nationen.

Lamme-boomen fører no òg til at slakterikonsernet Fatland må slakte 30.000 fleire lam for å berge seg gjennom pinnekjøttsesengen.

– Lammesalet til no i år har vore bra og har auke med over fem prosent. Vi har selt veldig mykje ferskt lam, som fårikål, lammesteik og kotelettar. Kjedene har vore veldig flinke til å promotere lam i år, og salet har auka, seier konsernsjef Terje Wester til avisa.

Salsveksten er godt nytt for sauebøndene i Noreg, som for tida produserer for mykje lam. Ifølgje den siste prognosen frå Nortura ligg det an til eit overskot på lam på 1.900 tonn i år.

– Vi skal ikkje langt tilbake før det var behov for å importere lam. Det snudde i fjor, og noko av grunnen har vore at kjedene hadde for lite kampanjar på lam, og at sortimentet var i butikk litt for kort tid, seier Wester.

Slakteriet Ole Ringdal på Hellesylt i Møre og Romsdal merkar òg den auka etterspørselen og har til no i år slakta 2.200 fleire lam enn i fjor. Der ønskjer dei seg fleire lokale leverandørar til slakteriet.

– Vi har ein auka etterspørsel etter norsk lam, som er kjøtt i verdsklasse, men må kjøpe frå andre slakteri. Vi vil gjerne slakte meir sjølve for å rå ferskare råvarer, fleire arbeidsplassar lokalt og slik større verdiskaping i lokalsamfunnet, seier dagleg leiar Ole Ringdal til Nationen. (©NPK)

Til toppen