Bodø: I løpet av ti minuttar skjedde veldig mykje rundt spissen som er utleigd frå Sogndal til bodøværingane.
Les også: Opseth går til Bodø/Glimt på lån
Først bomma Kristian Fardal Opseth på straffe ti minuttar ut i 2. omgang. Då stod det 1-1 mellom Bodø/Glimt og Kongsvinger på Aspmyra stadion.
Men fem minuttar seinare vart kaupingen spelt gjennom at Mathias Normann og plasserte ballen sikkert i hjørnet bak Kongsvinger-keeper Aleksej Gorodovoj. Og etter nye fem minuttar la Opseth på til 3-1 etter å ha snappa ein ball frå same Gorodovoj.
Bodø/Glimt vann 3-2 etter å ha kome under 1-0 i første omgang. Ei redusering frå Kongsvinger i sluttminuttane var ikkje nok til å øydeleggja kvelden for helten Opseth, som var toneangivande i sogndaldrakta då dei var i fotballens nest beste selskap to sesongar tilbake, men som vart sendt på lån til Glimt etter ein svak fjorårssesong med mykje benkesliting.
Tysdagens kamp var også første kampen for sesongen, så starten vart svært god for Opseth.