Sogndal: Sogndal Fotball stadfester i dag på sine heimesider at dei er einige med Bodø/Glimt om ein utlånsavtale for Kristian Fardal Opseth fram til sommaren.
– Det har vore rift om Kristian sine tenester og me har hatt mange henvendingar frå klubbar i det siste, fortel sportsleg leiar Håvard Flo til nettsida.
Les også: No skal han leggje spelarkabalen for komande sesong
Med 16 mål på 26 kampar var Opseth ein av dei store spelarane då Sogndal rykka opp til Eliteserien for to år sidan. I fjor vart det derimot berre to mål og to kampar frå start.
Løpsterke spelarar som Ole Amund Sveen og Martin Ramsland gjekk foran i køen og etter sesongen har Sogndal i tillegg skaffa seg to nye spissar i danske Kasper Nissen (19) og trønder Bendik Bye (26).
Les også: Bakke hentar målfarleg spisstalent frå Danmark
Les også: Sogndal har signert ny spiss
Sportssjefen håpar Opseth brukar det komande halvåret til å få ny fart på karriera.
– Kristian treng å få godkjensla tilbake, og me håpar at han vil sørge for at publikum på Aspmyra får ein kjekk vårsesong, seier Flo.