SIGNERTE: Kristian Opseth frå Kaupanger har signert med den australske klubben Adelaide United.
SIGNERTE: Kristian Opseth frå Kaupanger har signert med den australske klubben Adelaide United. (Foto: Torstein Bøe/NTB scanpix / Arkiv)

Opseth har signert med australske Adelaide United

Straks blir Kristian Opseth frå Kaupanger å sjå i Adelaude United si raude drakt med nummer 11 på ryggen.

Sogndal/ Adelaide: Opseth er klar for A-League 2019-2020 med den australske klubben. Han er klubbens tredje nye spelar så langt i sommar.

Det melder klubben på sine heimesider onsdag morgon. 

Klubben skriv at Opseth er ein spelar som vil passa deira angrepsspel. Til klubben seier Opseth sjølv at han er veldig spent på overgangen til Adelaide, og å jobba med hovudtrenar Gertjan Verbeek og trenarteamet. 

– A-ligaen er ein stor konkurranse, og blir betre for kvar sesong. Eg ser veldig fram til å få prøva med i ligaen, sa Opseth. 

Sogn Avis melde først om saka. 

- Passar inn i laget

Opseth signerte i januar for den tyrkiske storklubben BB Erzurumspor. Før det spelte han i Bodø/Glimt frå 2017 og leverte 38 mål på to sesongar i serien. Frå 2014 - 2016 spelte han for Sogndal, der han totalt scora 20 mål på 62 kampar.

Direktør i klubben Bruce Djite seier signeringa av Opseth var eit strategisk grep frå klubben si side. 

– Me er nøgde med å ønskja Kristian velkomen til Adelaide United familien. Ikkje berre er han ein utruleg talentfull spelar, men han vil òg vera ein fantastisk karakter og passa rett inn i gruppa, sa Djite. 

Vidare skrytte direktøren over målscoraren. 

– Kristian er ein stor trussel i lufta, og ein god avsluttar.

Til toppen