IKKJE OPTIMALT: Formannskapet i Lærdal fekk tysdag lagt fram resultatet av «Optimal organisering», og ordførar Jan Geir Solheim (Sp, nr. 2 f.v.) og Kåre Mentz Lysne (Ap, t.h.) som begge sat i gruppa, var ikkje nøgde med det gruppa fekk til. Foto: Ole Ramshus Sælthun
IKKJE OPTIMALT: Formannskapet i Lærdal fekk tysdag lagt fram resultatet av «Optimal organisering», og ordførar Jan Geir Solheim (Sp, nr. 2 f.v.) og Kåre Mentz Lysne (Ap, t.h.) som begge sat i gruppa, var ikkje nøgde med det gruppa fekk til. Foto: Ole Ramshus Sælthun

«Optimal organisering» har ikkje fungert optimalt

Dei politiske medlemmane i gruppa som skulle konkretisera to millionar kroner innsparing på 2017-budsjettet i Lærdal, var klare på at gruppa ikkje har fungert som den skulle.

Lærdal: – Vår vurdering er at me har kome ned på grunnfjellet og at me ligg farleg nær det uforsvarlege i høve å stetta dei lovmessige rammene me har, sa rådmann Alf Olsen jr. i formannskapet i Lærdal tysdag.

I 2017-budsjettet for Lærdal kommune som vart vedteke før jul låg det inne to millionar kroner i innsparingar som ikkje var konkretiserte utover at så og så mykje skulle kuttast på dei ulike tenesteområda. Fordelinga på kutta var slik:

  • Oppvekst: (500 000 kr., som resultat av å stenga ei barnehageavdeling) 
  • Teknisk: (750 000 kr.) 
  • PLO/Helse: (322 000 kr.) 
  • Rådmannsfunksjonen (350 000 kr.)

Les også: Vil halda samfunnshuset og begge bassenga opne

– Utfordrande

Kva konkret dette ville innebera av kutt på dei ulike områda, skulle gruppa «Optimal organisering» finna ut av. Gruppa bestod av ordførar Jan Geir Solheim (Sp) og gruppeleiar i Ap, Kåre Mentz Lysne blant politikarane, organisasjons- og personalleiar Reni Herland og rådmann Alf Olsen jr. frå administrasjonen og hovudtillitsvalde i det lokale Fagforbundet og Utdanningsforbundet, tilhøvesvis Jan Steinar Hole og Ingrid Kristina Rio.

Då resultatet av dette arbeidet skulle opp for formannskapet tysdag innleia rådmann Olsen jr. og var klar på at det hadde vore utfordrande å finna innsparingane.

– Til dømes på tekniske tenester så er ingen oppgåver fjerna, men budsjett er mindre. Og me har eit stort etterslep på vedlikehald, sa Olsen jr.

Rådmannen si tilråding i saka var tiltak som hovudsakleg gjekk ut på at:

  • Det innan oppvekst skal etablerast felles leiing ved skulen og barnehagen på Borgund så stillinga blir redusert med 20 prosent, pluss at stillingane som inspektør/leiar vaksenopplæringa til saman blir reduserte med 30 prosent.
  • Det innan tekniske tenester skal gjerast omorganiseringar, mellom anna ved at byggsak, kart og oppmåling til rådmannsfunksjonen og etablera eit felles sakshandsamarmiljø saman med kultur, kalla forvalting og næring. I tillegg skal stillingane som oppmålar (100 prosent) og byggjesakshandsamar (50 prosent) haldast vakante vidar
  • Stillinga som kulturkonsulent (50 prosent) blir halde vakant vidare. 
  • det innan helse blir søkt om midlar frå Helse Førde så kommunen sine lønsutgifter til ergoterapeut går ned med 40 prosent, pluss at det blir søkt om midlar for å avklara framtidig bruk av velferdsteknologi.

Les også: Går mot meirforbruk på 1,3 millionar kroner

– Viss me gjer desse endringane er me i balanse, sa rådmann Olsen jr.

– Ein forsvarstale

Ordførar Solheim, som var med i gruppa, likte ikkje måten rådmannen greidde ut om saka på.

– Det er provoserande, for dette du legg fram kjem ikkje frå gruppa, men frå rådmann i Lærdal. Så skal det seiast at denne gruppa har ikkje har levert i høve kommunestyret sitt vedtak. 

Kåre Mentz Lysne, den andre blant politikarene som var med i gruppa, følgde ordføraren på at dei ikkje har levert

– Eg trur det handlar om å ha rette kompetanse på rette plassane. Me manglar alltid kompetanse. Innanfor tekniske tenester så er det mogleg å sjå på organiseringa. 

Trond Øien Einemo (H) var kanskje krassast i ordelaget når han kommenterte det rådmannen la fram

– Eg opplever det du legg fram som ein forsvarstale. Du snakkar om at leiing, leiing og leiing – og strategi – er det viktige. Er me her for å leia eller tena innbyggjarane? Det er eit perspektiv du må ta med deg. Og når du seier me er nede på grunnfjellet, er det umogleg for oss å motbevisa. Eg skjønar de ikkje har vorte einige i gruppa, og har mest lyst til å senda dette tilbake og seia at oppdraget ikkje er utført – kom tilbake når det har utført det. 

– Fortvila

Han tilføya også at å halda stillingar vakante var eit kortsiktig grep og at dei aktuelle stillingane dessutan var viktige.

Annike Vanberg (SV) sa seg einig med Øyen Einemo, og Gro Starheimsæther (Sp) tykte gruppa hadde gått enkelt til verks og berre drege tiltaka i prosjektet «Sunn kommuneøkonomi» enno litt lengre.

– Det prosjektet var inndelt i grupper som tok føre seg dei ulike tenestene, så hadde eg håpa «Optimal organisering» kunne sjå samanhengane mellom dei ulike gruppene og sjå  andre ting enn når berre ei og ei gruppe såg på kvar enkelt teneste. Og eg vil minna om at me brukar fire millionar kroner frå Okken Kraft inn i drifta, så at me er i balanse stemmer eigentleg ikkje – me er i realiteten fire millionar bak.

Rådmann Olsen jr. påpeika at eit omfattande kunnskapsgrunnlag låg til grunn for vurderingane og at det var den konklusjonen ein hadde kome fram til på dette grunnlager.

– Eg er litt fortvila over å måtte seia det eg seier, men eg har ikkje sett kunnskap som seier noko anna. Når det gjeld å halda stillingar vakante er eg einig i at det ikkje er noko god løysing, men det er vanskeleg å koma utom.

Formannskapet var noko rådville i høve kva dei skulle gjera med saka, og vedtok til slutt å lata den gå vidare til kommunestyret for å sjå kva løysingar ein kjem opp med der.

 

Til toppen