Indre Sogn: Det skriv Firda. Fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane hadde sist veke fleire ekstraordinære møte om eigarskapen i ferjeselskapet etter at Konkurransetilsynet tidlegare i sommar stoppa salet av Fjord1 til Torghatten.
Etter det avisa har grunn til å tru, skal det også ha kome i gang ein dialog mellom fylkeskommunen og Fjord1-medeigar Per Sævik. Han representerer mindretalsaksjonæren Havila som har 41 prosent av aksjane i Fjord1, medan fylkeskommunen har 59 prosent.
Havila har varsla sak mot fylkeskommunen fordi dei meiner forkjøpsretten deira er omgått. Saka skal etter planen ta til 29. august, men avisa meiner begge partar har eit sterkt ønske om å unngå ei slik sak som kan koma til å vara i fleire år.
Tysdag 23. august skal fylkesutvalet i Sogn og Fjordane diskutera saka på nytt på eit hotell på Flesland. (©NPK)