Årdal: I denne perioden steppar varaordførar Sandra Opheim (uavhengig) inn.
I ein sms opplyser Opheim til Porten.no at ho har visst om sjukemeldinga ei stund.

– Eg har førebudd meg og planlagt saman med ordføraren og rådmann, så eg trur det skal gå greitt, seier ho.
Ordførar Lægreid ønskjer ikkje å kommentera årsaka, men seier at han håpar å starta opp att i rolla snarast etter endt sjukemelding.
Skal gi seg i politikken
I ei sak på Porten.no nyleg, avslørte Opheim at ho kjem til å trekka seg frå politikken etter denne perioden.
Årsaka er at ho skal flytta til Sogndal, og ikkje ønskte å stilla til val med det same.
– Ikkje ved denne runden, men eg utelukkar ikkje at eg får lyst til å engasjera meg politisk seinare, sa Opheim då.