OPPGITT: Fram til 10. mars kan kommunane klage på politireforma, men da får dei i realiteten ikkje meine noko om sjølve vedtaket politidirektøren har gjort, meiner ordførar.​ Foto: Halvor Farsund Storvik.
OPPGITT: Fram til 10. mars kan kommunane klage på politireforma, men da får dei i realiteten ikkje meine noko om sjølve vedtaket politidirektøren har gjort, meiner ordførar.​ Foto: Halvor Farsund Storvik.

Ordførar oppgitt over politireform-behandling

Fram til 10. mars kan kommunane klage på politireforma, men da får dei i realiteten ikkje meine noko om sjølve vedtaket politidirektøren har gjort, meiner ordførar.

Sogn: Kommunane kan klage på kartet over det nye Politi-Noreg som politidirektør Odd Reidar Humlegård la fram 13. januar. Der konkluderte politidirektøren med at han ville leggje ned 126 polititenestestader og opprette 7 nye. 

Kommunane kan klage på vedtaket innan 10. mars, men ordførar Heidi Granli (Ap) i Gol kommune i Hallingdal meiner klageretten i realiteten ikkje gjeld sjølve vedtaket, berre prosessen. Det reagerer ho sterkt på.

– Skal vi klage på ein prosess som allereie er over? Kva gir det oss, eigentleg? Vi har ingen reell medverknad, seier Granli til Nationen.

Granli meiner Justisdepartementet og Politidirektoratet burde la kommunane få ha ei meining om både grunnlaget for vedtaket og sjølve vedtaket.

Avpolitisering

Forskar Birgitte Ellefsen ved Politihøgskolen er einig i at den lokale medbestemminga har vorte redusert i politireforma ved at det er politidirektøren som har det siste ordet om kor lensmannskontora skal liggje.

– Det betyr svekt lokal medbestemming, seier Ellefsen til Nationen.

Ho peikar på at det no er ein etat utan direkte politisk ansvar som har fått ansvaret for å lage den nye politistrukturen.

– Det er ei avpolitisering av spørsmålet om kor politiet skal ha kontora sine. Da blir heller ikkje regjeringa politisk ansvarleg. Det er teknokratiet som no skal avgjere dette, seier Ellefsen.

Delegert fullmakt

Håkon Skulstad, som har leidd arbeidet med politireforma i Politidirektoratet, seier til avisa at Justisdepartementet godt kan gjere endringar om dei ønskjer det, og at det nok blir gjort endringar når ein får hausta erfaringar av reforma.

– Departementet har delegert denne fullmakta til oss, og da står dei fritt til å gjere dei justeringane dei måtte ønskje. Men involvering frå kommunane sikrar at politidirektøren har all relevant informasjon på bordet når han tar avgjerda, seier Skulstad.

Politidirektoratet presiserer elles overfor Nationen at kommunane kan klage som dei vil: «Kommunene kan klage på vedtaket til politidirektøren, hvor prosess kan være en klagegrunn. Det kan også være andre begrunnelser. Det innebærer at kommunene kan klage på alle sider av vedtaket.»

(©NPK)

Til toppen