Indre Sogn: Dei liker nemleg ikkje at post- og distribusjonstenestene gradvis blir bygde ned.

– Det er distrikta som er mest avhengige av at posttenestene fungerer, og det er distrikta som vil bli hardast ramma av dei føreslåtte endringane, skriv dei i eit felles fråsegn til Samferdsledepartementet.
Som eksempel nemner dei at det vil bli vanskelegare å få sendingar med laboriatorieprøver til å nå fram i tide og det vil ta lenger tid for pasientar å få medisinane sine. Avisdistribusjonen vil bli påverka og bedrifter i spreiddbygde område vil merka at det tek lenger tid å levera og motta pakker.
Politikarane meiner desse konsekvensane ikkje er greidde ut like godt som dei økonomiske konsekvensane for staten.
– Det er behov for like gode posttenester i distrikta som i sentrale delar av landet. I sentrale område kan budbilar eller andre distribusjonsselskap brukast for å få ut produkta. Men i distrikta er marknaden ikkje stor nok til at det blir konkurranse om distribusjonen. Dette gjer at me treng fellesfinansiert infrastruktur som posten, skriv dei.