MINISTERMØTE: Ordførarane i Balestrand, Leikanger og Sogndal fekk møte kommunalministeren i dag. Frå høgre: Harald Offerdal, Jon Håkon Odd, Jan Tore Sanner og Jarle Aarvoll.
MINISTERMØTE: Ordførarane i Balestrand, Leikanger og Sogndal fekk møte kommunalministeren i dag. Frå høgre: Harald Offerdal, Jon Håkon Odd, Jan Tore Sanner og Jarle Aarvoll. (Foto: Privat)

Ordførarane møtte Sanner med tydelege krav

Den nye storkommunen i Sogn forventar betre kommunikasjonar og sikring av dei offentlege arbeidsplassane etter tvangssamanslåinga.

Sogndal: Onsdag var ordførarane Jarle Aarvoll (Ap) i Sogndal, Jon Håkon Odd (Ap) i Leikanger og Harald Offerdal (Ap) i Balestrand i møte med kommunalminister Jan Tore Sanner (H).

– Me fekk lagt fram våre forventingar til kva regjeringa bør legge til rette for i samanslåingsprosessen, først og fremst når det gjeld betre kommunikasjon og bevaring av offentlege arbeidsplassar, seier ordførar Jon Håkon Odd i Leikanger.

Fleire ferjeavgangar

Konkret går det første kravet på å betre koplinga mellom Balestrand og dei to nabokommunanen. Då trengst det oftare avgangar på ferjene og betre veg, ikkje minst i Esebotn og mellom Hella og Leikanger. Nattstasjonert fly på Haukåsen var òg eit tema.

– Me var òg tydelege på at me forventar at statsråden følgjer opp intensjonsavtalen mellom Sogn og Fjordane og Hordaland og plasserer Fylkesmannen på Leikanger. Det har han fått beskjed om i tydelege ordelag, seier Odd.

Ingen lovnader

Ordføraren i Leikanger seier at ministeren var lydhøyr for deira innspel, utan at han kunne gje konkrete lovnader.

– Kom Sanner med krav og forventingar til dykk?

– Det treng han ikkje. Han har allereie gitt ei bestilling som vi må effektuere. Men han understreka at det er viktig for heile fylket å sikre eit regionalt tyngdepunkt i Sogn, både for å sikre gode tenester til innbyggjarane i framtida og for å forsterke næringsutviklinga, seier Odd.

– Me reiste ikkje til Oslo i trua på å få med oss noko i bagasjen heim. Men det er viktig at me får koma med våre krav og forventingar og at me frå dag ein skapar ein god dialog. Me ser framover, seier Jarle Aarvoll, ordførar i Sogndal.

Til toppen