FRYKTAR FOR TRYGGLEIK: Sikkerheita og beredskapen blir dårlegare dersom forslaget om å legge ned rundt halvparten av lensmannskontora blir følgt, trur mange ordførarar i Noreg. Foto: Ina Eirin Eliassen (illustrasjon). 
FRYKTAR FOR TRYGGLEIK: Sikkerheita og beredskapen blir dårlegare dersom forslaget om å legge ned rundt halvparten av lensmannskontora blir følgt, trur mange ordførarar i Noreg. Foto: Ina Eirin Eliassen (illustrasjon). 

Ordførarar fryktar for sikkerheita etter politireforma

Sikkerheita og beredskapen blir dårlegare dersom forslaget om å legge ned rundt halvparten av lensmannskontora blir følgt. Det meiner 37 prosent av ordførarane som har svart i ei undersøking.

Sogn: Nationen har spurt ordførarane i landet korleis dei meiner sikkerheita i deira kommune vil bli påverka av forslaget. Av dei 210 som svarte, fryktar 77 for sikkerheita. Det er flest ordførarar frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet som er bekymra, men også tre Høgre-ordførarar gir uttrykk for uro.

– Eit nært og synleg og tilstadeverande politi skaper tryggleik, og i mangel av tryggleik frå politiet er eg bekymra for framveksten av andre grupper som tek handhevinga av lova i eiga hand, seier Christine Trones (H), ordførar i Hemnes.

Politidirektøren har allereie sagt at forslaget om å legge ned halvparten av lensmannskontora går for langt og ikkje vil bli følgt. Statssekretær Ove Andre Vanebo (Frp) i Justisdepartementet oppfordrar ordførarane til dele sin kunnskap om korleis sikkerheita og beredskapen kan bli betre.

– 60 prosent av ordførarane trur sikkerheit og beredskap i deira kommune blir like bra eller betre. Det kan vitne om gode prosessar mellom politi og kommunar, der bodskapen om at tomme lensmannskontor kan blir omsett til politikraft er i ferd med å møte forståing lokalt, seier Vanebo. (©NPK)

Til toppen