Ordførarar i Hardangerrådet og Sogn regionråd på felles rådsmøte i Øystese.
Ordførarar i Hardangerrådet og Sogn regionråd på felles rådsmøte i Øystese. (Foto: Hardangerrådet)

Ordførarar i Hardanger og Sogn vil bli ei sterk politisk kraft

Det kjem fram i ei pressemelding frå Sogn regionråd.

Sogn: Ordførarar i Hardanger og Sogn møttest i Øystese for å drøfta tettare samarbeid og korleis utvikla Indre Vestland til å bli ein slagkraftig region.

Hardanger og Sogn har mykje til felles og dei tolv ordførarane ser føre seg mange område å samarbeide om. Kraft, industri, reiseliv og rassikring vart trekt fram på felles rådsmøtet.

Reiselivet har tett dialog i dag og har lenge samarbeidd på tvers av kommunar og regionar. Moglegheiter for meir samhandling vart løfta fram på møtet.

Noreg sitt kraftbelte 

Kommunane i Indre Vestland utgjer Noreg sitt kraftbelte innan fornybar energi.

– Me har rikeleg tilgang med kraft i dei to regionane. Krafta må brukast her ho vert produsert, seier Torgeir Næss, rådsordførar i Hardangerrådet.

Nye strukturar gjer at samarbeid kjem til å spele ei viktigare rolle. Sogn og Hardangar har mykje å henta på å fronta viktige saker i fellesskap. Ved å stå samla vil dei to regionane hevda seg mot sentrale og regionale styresmakter.

– Ordførarane viste eit tydeleg ønske om samarbeid. Det kom mange gode innspel på tema og oppgåver som me kjem til å jobba konkret med i tida framover, seier Ivar Kvalen, leiar i Sogn regionråd.

Til toppen