DUELL: Ordførarane Jan Geir Solheim og Vidar Eltun duellerte i telemark på Filefjell laurdag. Foto: Jan Christian Jerving.
DUELL: Ordførarane Jan Geir Solheim og Vidar Eltun duellerte i telemark på Filefjell laurdag. Foto: Jan Christian Jerving.

Ordførarar i skiduell

Slik har du neppe sett ordførarane i Lærdal og Vang før.

Filefjell: – Eg er spent på korleis ordførarane vil klare seg i dag, sa Tone Waagbø Hille, leiar i Vang IL alpint før løpet.

NØGD: Tone Waagbø Hille var ein nøgd arrangør.
NØGD: Tone Waagbø Hille var ein nøgd arrangør.

Jan Geir Solheim og Vidar Eltun, ordførarar i høvesvis Lærdal og Vang, duellerte nemleg i telemark laurdag. Dei to stilte sporty opp då Vang IL hadde avslutning i Alpin Norgescup.

– Eg trur Jan Geir er litt nervøs her i dag. Han var her tidlegare i dag og har fått grundig innføring i Telemark, samt studert teknikken på video, held Hille fram.

Det vart med eit par prøveturar før den store duellen mellom to potensielle samanslåingskommunar. 

Begge ordførarane viste god stil nedover løypa, og Solheim kosta til og med på seg eit lite hopp til publikums glede.

Etter løpet stilte Solheim som frivillig portvakt saman med Liv Signe Navaseter og om lag 20 andre frivillige for å få til eit flott arrangement. 

Til toppen