Ein ny, statleg rapport viser at utslepp frå gamle cruiseskip i periodar fører til helsefarleg luftkvalitet i Flåm og Geiranger. Sjøfartsdirektoratet meiner det bør strammast inn på utsleppskrav til cruiseskipa. Arkivfoto
Ein ny, statleg rapport viser at utslepp frå gamle cruiseskip i periodar fører til helsefarleg luftkvalitet i Flåm og Geiranger. Sjøfartsdirektoratet meiner det bør strammast inn på utsleppskrav til cruiseskipa. Arkivfoto

Ordførarar krev tiltak mot helsefarleg cruiseforureining

Ordførarane i Stranda og Aurland krev at det blir sett i verk tiltak som hindrar at luftkvaliteten rundt Geirangerfjorden og Flåm blir øydelagt av utslepp frå cruiseskip. 

– Eg håpar vi får nasjonale ordningar som tek vare på naturen og miljøet på brei basis. Om nødvendig vil vi vurdera eigne tiltak, seier ordføraren i Stranda kommune, Jan Ove Tryggestad, til NRK.

Bakgrunnen for kravet er ein ny statleg rapport som viser at utslepp frå gamle cruiseskip i periodar fører til helsefarleg luftkvalitet i Flåm og Geiranger. Sjøfartsdirektoratet meiner det bør strammast inn på utsleppskrav til cruiseskipa, og Klima- og miljødirektoratet skal no sjå på forslag til tiltak.

Ifylgje NRK føreslår Sjøfartsdirektoratet lokale tiltak i Nærøyfjorden, Aurlandsfjorden og Geirangerfjorden. Ordførarane i Aurland og Stranda meiner derimot det må innførast nasjonale tiltak.

– Å laga spesielle krav for kvar enkelt hamn vil ikkje fungera i praksis. Cruiseskip som kjem frå utlandet til Noreg må ha same reglar å ta omsyn til i alle hamnene, seier ordførar i Aurland Noralv Distad.

Han meiner det er viktig å finna fram til miljøvennlege løysingar som gjer at ein kan halda fram å ta imot like mange cruiseskip. Kollegaen hans i Stranda, Ove Tryggestad, meiner derimot eit ein må vera villig til å akseptera litt færre cruiseskip for å ta vare på naturen.

Til toppen