HAR SIGNERT: 260 ordførar har signert oppropet der dei skuldar Jan Tore Sanner (H) for å tvinge norske kommunar saman. Blant dei 260 finn ein Arild Ingar Lægreid (Ap) og Jan Geir Solheim (Sp). Montasje: Truls Grane Sylvarnes.
HAR SIGNERT: 260 ordførar har signert oppropet der dei skuldar Jan Tore Sanner (H) for å tvinge norske kommunar saman. Blant dei 260 finn ein Arild Ingar Lægreid (Ap) og Jan Geir Solheim (Sp). Montasje: Truls Grane Sylvarnes.

Ordførarar skuldar Sanner for tvangssamanslåing

Seks av ti norske ordførarar har skrive under på eit opprop der dei skuldar kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) for å tvinge norske kommunar til å slå seg saman.

Årdal/Lærdal: – Eg skulle ønske at regjeringa hadde vore tydeleg på at kommunereforma ikkje er ei frivillig reform, seier ordføraren i Sandnes, Elin Gran Weggesrud (Ap), til NRK.

Sjølv om kommunen sa nei til å slå seg saman med nabokommunen, fryktar Weggesrud at dei blir tvungne til det av økonomiske årsaker.

Årsaka er forslaget til nytt inntektssystem som er ute på høyring. 260 av dei 428 ordførarane i landet har skrive under eit opprop mot dette forslaget. I Sogn og Fjordane har 13 av 26 ordførarar skrive under på oppropet, mellom anna ordførarane i Årdal og Lærdal. 

– Det er klart eg meiner dette er noko kommunane skal styre sjølve. Me kan ikkje ha ein stat som tvingar kommunane til noko som helst, seier Jan Geir Solheim (Sp) i Lærdal. 

Både han og Arild Ingar Lægreid (Ap) har skrive under på oppropet. Sidan dei ikkje kom i hamn med ein intensjonsavtale om ein storkommune i Sogn eller med Aurland på sørsida av fjorden, skal ein ikkje sjå vekk frå at Årdal og Lærdal blir tvinga til å slå seg saman med andre.

– Fryktar du det?

– Nei, eg trur ikkje dei torer. Med det systemet me har i Noreg skal me ikkje styrast av staten. Staten skal heller ikkje bruka maktmiddel som økonomi eller andre middel for å tvinga oss, svarar Solheim.

I dag får kvar kommune eit basistilskot på litt meir enn 13,2 millionar kroner. Regjeringa foreslår å droppe fullt tilskot til alle og heller berekne eit basistilskot ut frå befolkningstettleik. Det betyr at dei største kommunane med flest folk får mest pengar.

– Problemet med inntektssystemet i dag er at det straffar kommunar som ønsker å slå seg saman. Og når det er brei semje på Stortinget om at vi treng sterkare velferdskommunar for framtida, så må også inntektssystemet gjere det meir lønsamt å gå saman, seier Jan Tore Sanner til NRK. (©NPK/Porten.no)

Til toppen