Oslo: Ankesaka for konsesjonen Zephyr AS har fått for vindkraftutbygging på Dalsbotnfjellet i Gulen ligg framleis til handsaming hos Olje- og energidepartementet etter at Gulen kommune klaga.

Ordførarar vitja departementet for å seie kva dei meiner om vindkraftutbygging
Tysdag vitja ordførarane i Gulen og Masfjorden Olje- og energidepartementet. Der la dei blant anna fram kvifor dei ikkje ønskjer vindkraftutbygging på Dalsbotnfjellet, og kvifor området allereie bidreg nok til straumproduksjonen i landet.