SJIKANERT: I forkant av formannskapsmøtet blei ordførar Arild Ingar Lægreid sjikanert på telefon. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
SJIKANERT: I forkant av formannskapsmøtet blei ordførar Arild Ingar Lægreid sjikanert på telefon. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Ordføraren blei sjikanert på telefon

Det er ingen tvil om at helsehus-saka engasjerer, men rett før formannskapsmøtet tysdag fekk ordførar Arild Ingar Lægreid (Ap) ei melding han tykkjer går over streken.

Tysdag blei det klart at formannskapet i Årdal går inn for eit felles helsehus i Øvre Årdal. Etter at prislappen på prosjektet blei klar førre veka, har stadig fleire latt seg riva med i debatten.

Når det går heitt føre seg, kan det nokon gonger gå for langt, og det var akkurat det Lægreid følte då han blei oppringt rett før formannskapsmøtet tysdag.

«Får følgjer viss du røystar ja»

Då saka kom på bordet under møtet, innleie ordføraren med at han hadde fått ei melding med ein bodskap om at han skulle bli stilt til ansvar og fulgt opp dersom dei «var så dumme» og vedtok å fortsetta denne saka.

– Normalt sett ville eg ikkje sagt noko. Eg har i mi tid som ordførar vore borti liknande saker der kommunestyret er delt i to, men når eg får den type telefonar, som eg oppfatta som ei direkte melding frå ein eg har stor respekt for, eg vil ikkje seia namnet, seier Lægreid til Porten.no.

– Det var ein karakteristikk av meg som eg berre må ta, det er greitt, men det var ei avslutning om at eg skulle bli stilt til ansvar, og det blei fulgt opp dersom me var så dumme og vedtok å fortsetta denne saka, held han fram.

Tolkar det ikkje som ein trussel

Ordføraren i Årdal seier meldinga gjorde noko med han, men tolkar det ikkje som ein trussel.

– Nei, eg kjenner personen, så det vil eg ikkje seia. Ein skal ta imot meldingar, og eg har ingen problem med det. Det er ikkje alltid eg er einig, men eg snakkar med folk og tek gjerne imot meldingar. 

– Det er jo ein utsett posisjon, så det må ein rekna med. Men meldinga var såpass spesiell, og det er grunnen til at nemnde det. Eg synes det var over streken, held han fram.

– Høyrer ikkje heime nokon plass

Både John Normann Melheim (Ap) og Aleksander Øren Heen (Sp) som fekk ordet etter ordføraren gav si støtte.

– Me kan ikkje lata oss skremma av det vervet som me er folkevalde til å gjera. Når det gjeld Ap-gruppa, så sit me her som ansvarlege. Alle stemmer etter sitt personlege syn, seier Melheim.

– Det må ein forventa at me er i stand til å gjera oss opp eit kvalifisert syn på ei sak som er vanskeleg og betent, heldt han fram før Heen fekk ordet.

– Eg vil ta avstand frå dei karakteristikkane som ikkje høyrer heime nokon plass. Det er lov å ha meiningar, og ein skal ikkje bli utsett for dette av den grunn, legg han til.

– Skal ikkje påverka saka

Torsdag skal saka opp for kommunestyret.

– Kva som blir vedteke veit eg ikkje enda, men min jobb som ordførar har jo vore å få saka fram på ein slik måte at kommunestyret kan gjera eit vedtak, og etter mi meining er det ikkje noko anna måte å avslutta saka på heller.

– Altså, ordførar og rådmann kan ikkje berre leggja saka vekk. Dette er jo ei bestilling frå kommunestyret, der me i budsjettmøtet i desember påla rådmannen om å utreda ei sak om felles legekontor, fortel Lægreid og understrekar at han ikkje vil at dagens hending skal påverka saka.

– Å vera ueinig er ein fair ting, men når me byrjar å gå på personangrep på kvarandre, er ikkje det bra. Dette skal ikkje påverka saka, og eg vil ikkje gå djupare inn i det.

Til toppen