Årdal: Ordføraren nytta difor høvet til å dele ut refleksar til medlemmane i kommunestyret då dei møttest i dag.
Det er Trygg Trafikk som står bak refleksdagen saman med Sparebanken 1, og i år har dei fått designa heilt spesielle refleksar av karane i Moods of Norway.
– Dette er eit superkult prosjekt å få vera med på. Heile konseptet med Moods of Norway er jo å gjera ting litt annleis. Me er allereie i gong med å integrere refleks i klede, og med årets reflekskolleksjon let me verkeleg folk skinne i natta, seier Simen Staalnacke i Moods of Norway.
Artikkelen held fram under biletet.

I «Nasjonal tiltaksplan for trafikksikkerhet på veg» står det at 40 prosent skal bruke refleks i byar og tettstadar, og 60 prosent skal bruke refleks utanfor byar og tettstadar i 2018. Fjorårets landsdekkande teljingar viser at 32 prosent av den voksne befolkning bruker refleks, så det er langt igjen.
Men no kan iallfall dei folkevalde i Årdal smykka seg med nye refleksar og vere trygge på at dei vert sett i haustmørket.