Sogndal: Ordførar Jarle Aarvoll var tidleg måndag morgon på synfaring på brannstaden.
– Det var eit trist syn. Det er mange arbeidsplassar, ei barnehageavdeling og eit kyrkjekontor me har mista. Samstundes er eg glad for at det ikkje er personskadar, seier han.

Har funne mellombels løysing for barnehageungane
Han fortel at kriseleiinga vart sett raskt i sving då meldinga om brannen kom i går kveld. No handlar det om å løysa alle dei praktiske utfordringane, saman saman med kyrkjekontoret, arkitektkontoret og barnehagen som heldt til i bygget som brann ned.
Stedje barnehage har omlag 70 ungar fordelt på fire avdelingar. Sogndal kommune er hardt pressa på barnehageplassar. Sjølv om paviljongbygget og sjølve barnehagen vart berga, er ei avdeling gått tapt. Rundt femten barnehageungar må dermed finna eit nytt tilbod i kommunen.
Ordføraren seier det var mange tok kontakt for å tilby mellombelse løysingar. Valet fell på folkehøgskulen på Helgheim, som stiller ledige lokale til disposisjon i dagane framover.
– Så må me jobba vidare med å finna ut korleis me skal løysa dette på lengre sikt. Dette er ein krevjande situasjon, men ein situasjon me skal greia å løysa til det beste for brukarane, seier ordføraren.
– Mykje å vera takknemmeleg for
Han fortel at det er planlagt ei open samling i Stedje kyrkje klokka 20.00 i kveld. Det er kriseleiinga, Stiftinga Stedjetunet og kyrkja i Sogndal som arranger det i fellesskap. Prosten i Sogn vil vera til stades, medan politiet og skadestadsleiinga vil informera dei frammøtte om det som har skjedd.
For prest Kjell Olav Høstaker Nordheim er det ein trist dag. Men han er glad for at ingen liv har gått tapt og at heller ingen er rapporterte skada. Den kyrkjelege aktiviteten vil ikkje bli råka, seier han, og han registrerer at dei andre bygga til barnehagen ser ut til å ha greidd seg.
– Då er det mykje å vera takknemmeleg for, midt opp i alt som er grådig trist og tungt, seier han.