TYDELEG: Ordførar Jarle Aarvoll (innfelt) i Sogndal ønskjer eit møte med Widerøe for å diskutere det han meiner er ei rasering av rutetilbodet midt på dagen: Foto:  Dash 8  av  Aero Icarus / Flickr Creative Commons .
TYDELEG: Ordførar Jarle Aarvoll (innfelt) i Sogndal ønskjer eit møte med Widerøe for å diskutere det han meiner er ei rasering av rutetilbodet midt på dagen: Foto: Dash 8  av  Aero Icarus / Flickr Creative Commons .

Ordføraren er opprørt over mogleg ruteendring

–  Det er noko me ikkje kan akseptera.

Sogndal: Widerøe vurderer å fjerne direkteruta som går frå Sogndal til Oslo på ettermiddagen og erstatte det med eitt som går ein time tidlegare og via Ørsta/Volda lufthamn.

Det får ordføraren i Sogndal til å sjå raudt.

– Det vil bety at tilbodet midt på dagen blir rasert og det er noko me ikkje kan akseptera. Tvert om skulle det ha blitt styrka, for det er det behov for, seier Jarle Aarvoll.

Les også: Difor kjempar dei for hangar på flyplassen
Les også: Ministeren på flyplassturne – besøkte Sogndal​

– Me har ikkje blitt informerte 

Åtti prosent av trafikken på Sogndal lufthamn er jobbreiser. Ordføraren seier mange næringsdrivande er avhengige av 12.40-avgangen til Oslo for å komme seg kjapt til og frå møter i hovudstaden.

Ein omveg via Ørsta vil auke reisetida monaleg. 

– Dette er noko det kan verke som at Widerøe berre har tenkt å gjennomføra med eit pennestrøk. Me har ikkje blitt informerte i det heile, seier Aarvoll.

Samferdslegruppa i Sogn Regionråd har no bedd om eit møte med Widerøe for å diskutere saka, medan Sogndal næringsforeining vil følgje opp saka på vegner av næringslivet.

– Dei òg finn dette forslaget heilt uakseptabelt. Rutetilbodet betyr så mykje at dette kan me ikkje finna oss i, seier Aarvoll.

Widerøe har ikkje konkludert

Vi har enno ikkje lukkast i å få svar frå Widerøe, men i ein e-post til Sogn regionråd stadfester rutesjef Jørgen O. Nergård at dei evaluerer ein ekstra avgang midt på dagen frå Ørsta/Volda, men at dei ikkje har konkludert med korleis dei skal operere den. 

– Ofte er det slik at avgangar midt på dagen blir flydde i kombinasjon med andre destinasjonar. Dette for at flyplassane vi operer skal kunne få best mogleg rutetilbod basert på etterspurnaden i markedet, skriv Nergård og stadfester med det langt på veg uroa til ordføraren.

Til toppen