Lærdal: Fredag den 15. desember er det styremøte i Helse Førde. Då skal dei vedta budsjettet for neste år, eit budsjett som kan få konsekvensar i Lærdal.
– Viss me ikkje får MR-maskina med i totalbudsjettet i desember, så er eg redd for framtida til prosjektet, sjølv om me har 10 millionar på bok. Så alvorleg ser eg på det, seier ordførar Jan Geir Solheim i Lærdal.

Han vil bruka tida framover til å få styret i Helse Førde til å skjønna kor viktig det er for lokalsamfunnet at maskina kjem på plass. Sommaren 2016 vart det lagt ned ein stor innsats frå både kommunar, lag og organisasjonar, bankar, verksemder og privatpersonar for å få samla inn dei 10 millionar kroner som skulle til.
Men prosjektet er òg avhengig av at Helse Førde finn rom i budsjettet til å byggja eit tilbygg til sjukehuset i Lærdal, der MR-maskina etter planen skal vera.
– Både styreleiar og dagleg leiar har signalisert veldig tydeleg at der dette dei vil. Men det er eit heilt styre, i ei stor budsjettsak, som skal handtera dette. Då veit eg av eiga erfaring kor fort det er å glippa på oppløpet. Me må vera veldig tydelege før desembermøtet til Helse Førde, at dei ikkje må gløyma at det er ei gåve på 10 millionar som er gitt, seier ordføraren.