VIL HA OPPE TRYKKET: Jan Geir Solheim vil ha trykk på næringsarbeidet i kommunen, men er uroa over manglande arbeidskapasitet. (Bilde: Arkiv)

Ordføraren er uroa over manglande kapasitet i næringsapparatet

Men blir beroliga av næringssjefen.

Lærdal: – Me treng å ha full kapasitet på næringsutvikling no, for det skjer mykje. Då må me ha folk som jobbar med det dagleg. Akkurat der er me litt sårbare no og det uroar meg veldig, sa ordførar Jan Geir Solheim på sist kommunestyremøte.

Utsagnet var rett nok farga av at næringssjef Arve Tokvam hadde hamna på sjukehus same dag. Men to dagar etter var han tilbake, så då forsvann dèt problemet.

Tokvam vedkjem at dei har hatt nokre utfordringar med utskiftingar, men meiner dei greier å følgja greitt opp dei fleste prosjekta i kommunen.

– Det einaste er prosjektet på Håbakken. Der hadde me ein person som jobba med det på heiltid som slutta no i vår. Etter det har me hatt ein del utfordringar med å følga det opp godt nok, seier han.

Leiaren av tettstadutviklingsprosjektet har òg vore sjukemeld, men der føler Tokvam dei har betre kontroll.

For å få tilbake på trykket på Håbakken, spesielt når reguleringsarbeidet er ferdig, seier Tokvam dei må vurdera å stokka om internt, eller henta inn innleigde ressursar på kort tid.

– Det er ei prioirtert oppgåve for oss å få inn ressursar som kan jobba med det, seier næringssjefen.

Til toppen