VÅRT LOKALSAMFUNN: Torsdag besøkte Arild Ingar Lægreid, ordførar i Årdal, 4. klasse på Tangen skule, der han fortalte korleis lokalsamfunnet fungerer. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
VÅRT LOKALSAMFUNN: Torsdag besøkte Arild Ingar Lægreid, ordførar i Årdal, 4. klasse på Tangen skule, der han fortalte korleis lokalsamfunnet fungerer. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Ordføraren fortalte elevane om korleis lokalsamfunnet fungerer

Han var nervøs før han skulle i elden, men etter at han hadde sagt ha det var første kommentaren: – Dette var moro.

Årdalstangen: Det spørs om ikkje ordførar i Årdal, Arild Ingar Lægreid, fekk meirsmak på læraryrket etter at han besøkte 4. klasse på Tangen skule torsdag for å undervise om lokalsamfunnet.

Lægreid måtte innrømme at han var nervøs då han var på veg til klasserommet, men då skuletimen var unnagjort var første kommentaren at dette var moro.

Det tykte også elevane, som nærast fekk stjerner i augo då sjølvaste ordføraren skulle vere lærar. 

STAS: Aleks Nilsen (midten) tykte det var stas med ordføraren på besøk.
STAS: Aleks Nilsen (midten) tykte det var stas med ordføraren på besøk.

– Det var veldig gøy med ordføraren på besøk. Han har fortalt oss masse og lært oss masse om korleis me skal leva i lokalsamfunnet og dela ut skatt. Me har gledd oss veldig til han skulle komma, seier ein av elevane Aleks Nilsen.

– Sa ja med ein gong

Det er Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane som står bak programmet «Vårt lokalsamfunn». Fylket vårt er det einaste der alle ordførarane har teke utfordringa. Torsdag besøkte altså ordføraren i Årdal Tangen skule. 

– Eg sa sjølvsagt ja med ein gong eg fekk denne førespurnaden. Me har fått ei lita opplæring, og eg tykkjer det er eit fantastisk flott opplegg. Det var kjempemoro, seier han.

Artikkelen held fram under biletet.

STILTE SPØRSMÅL: Ordføraren fekk mange interessante spørsmål om korleis jobben hans var. Det var også nokre som stilte viktig næringsspørsmål. 
STILTE SPØRSMÅL: Ordføraren fekk mange interessante spørsmål om korleis jobben hans var. Det var også nokre som stilte viktig næringsspørsmål. 

«Vårt lokalsamfunn» er retta mot 4.–5. trinn. Programmet gir elevane innsikt i korleis lokalt arbeids- og næringsliv er viktig for deira kvardag. Det styrkar også deira lokale identitet og viser korleis dei sjølv kan bidra til å påverke utviklinga i sitt eige lokalmiljø.

Måtte betale skatt

I dagens time var arbeidsplassar tema. Alle fekk utdelt yrke i privat og offentleg sektor. Nokre var bakar, ein var rådmann, og ei anna var banksjef. Det var også lønningsdag, og då må ein også betale skatt – med eit påfølgjande sukk i klasserommet når dei såg den eine tusenlappen forsvinne.

Artikkelen held fram under biletet.

BESTÅTT: Då timen var over, fekk alle elevane utdelt diplom som synleg bevis på at dei har bestått programmet «Vårt lokalsamfunn».
BESTÅTT: Då timen var over, fekk alle elevane utdelt diplom som synleg bevis på at dei har bestått programmet «Vårt lokalsamfunn».

Ein viktig lærdom var då at ein treng alle typar yrke.

– Me må ha jobbar, mat og sjølvsagt hus me kan bu i. Me treng alle typar yrke, viss ikkje me har det, som matbutikk, påverkar det veldig mange fordi dei får ikkje mat, forklarar Ingrid Nes. 

Stilte spørsmål til ordføraren

Ordførar Lægreid forklarte kva skattepengane vart brukt til, han fortalte om jobben sin, og han fekk til og med dagsaktuelle spørsmål som kva som skjer med Dooria-bygget – og om ikkje det var farleg med hydrogenfabrikk. 

Artikkelen held fram under biletet.

FEKK PRØVE: Ordføraren hadde også med seg ordførarkjedet sitt som elevane fekk prøve. 
FEKK PRØVE: Ordføraren hadde også med seg ordførarkjedet sitt som elevane fekk prøve. 

– Eg tykkjer det er viktig at elevane får tidleg innføring i korleis lokalsamfunnet fungerer. At ein no startar tidleg, er flott, seier Lægreid.

Og når ein trudde dagen ikkje kunne bli betre med ordførarbesøk, hadde Lægreid også med seg ordførarkjedet som elevane fekk prøve, og ikkje minst diplom som synte at dei hadde bestått programmet.

Til toppen