SYLTAR PÅ BOK: Ordførar i Aurland registrerer at dei knapt har greidd å svi av ein tredel av investeringsbudsjettet for 2016.
SYLTAR PÅ BOK: Ordførar i Aurland registrerer at dei knapt har greidd å svi av ein tredel av investeringsbudsjettet for 2016.

Ordføraren har fleire titals millionar han slit med å få brukt

Og dette er årsaka.

Aurland: Drøye to månader før årsskiftet har Aurland kommune berre brukt 27 millionar av det samla investeringsbudsjett på omlag 90 millionar kroner. 

Hovudårsaka er at det tek lenger tid enn venta å reparere skadene etter flaumen i 2014. Oppbyggingsprosjekta har hopa seg opp, så langt er berre ti av trettifire delprosjekt avslutta. 

Ordførar i Aurland, Noralv Distad, seier både planlegginga og sikringa av elva har teke lengre tid enn venta.

– Begge deler må på plass før me kan avgjera den endelege plasseringa av bruene og så vidare. Me hadde håpa at me skulle ha kome lenger, samstundes må det vere forsvarleg det me gjere, seier han.

Les også: – Umogleg å forutsjå slike katastrofar

Kommunen har elles god kontroll på økonomien og ligg an til eit overskot på 6-7 millionar, mykje takka vere auka inngang frå personlege skatteytarar. 

– Det er bra. Samstundes forventar vi å miste omlag 12 millionar til neste år, i form av mindre eigedomsskatt frå kraftverka. Sjølv om vi har eit godt utgangspunkt, så blir det ein krevjande budsjettprosess, der vi må finna måtar å ta ned utgiftene til drifta, seier Distad.

Til toppen