« Me har øvd på verst tenkjeleg utfall – og me skal gjera vårt beste for å komma oss gjennom ein situasjon der mange i Årdal kan bli sjuke», skriv Hilmar Høl (Ap).
« Me har øvd på verst tenkjeleg utfall – og me skal gjera vårt beste for å komma oss gjennom ein situasjon der mange i Årdal kan bli sjuke», skriv Hilmar Høl (Ap). (Foto: Ina Eirin Eliassen/arkiv)

MEININGAR

Ordføraren i Årdal: – Me har eit virus som kan setta deler av samfunnet på vent

Hilmar Høl (Ap) seier dei vil trenga fleire hender for å ta vare på dei som blir sjuke, og oppmodar til felles innsats, i dette innlegget.

Meiningar: Innbyggarane i Årdal er kjende for vilje og evne til dugnadsarbeid. Folkevegen til Vetti er det beste eksempelet på det.

No treng me for alvor å bretta opp ermane. Me har eit virus som kan setta deler av samfunnet på vent. Me har planar for dette. Me har øvd på verst tenkjeleg utfall – og me skal gjera vårt beste for å komma oss gjennom ein situasjon der mange i Årdal kan bli sjuke. 

Ei utfordring kan bli at óg nokon av dei som skal ivareta dei sjuke kan bli sjuke. Me får redusert kapasitet i ein periode der me har behov for meir helsekapasitet. Ein måte å løysa dette på er at me set personar med helseutdanning, som ikkje arbeider med helseoppgåver i dag, inn i slikt arbeid.

Ei anna løysing er at pensjonistar med helsebakgrunn for ein periode må på arbeid igjen. Men, óg med at me set desse personane i arbeid, vil det vera behov for frivillig innsats. Difor ber me pårørande til personar som i dag har hjelpebehov om å i enda større grad å hjelpa sine.

Kommunen vil gjera det me kan for eit best mogleg tilbod – men me må ta høgde for at kvaliteten på våre tenester til dagens brukarar kan bli noko redusert. Det vil ikkje bli sett i verk nye eller utvida tiltak.

Me håper på forståing for dette – og at me ser at dugnaden er i gang! Alle er nøydde til å bidra.

Til toppen