TURISTAR: Ferja mellom Gudvangen og Flåm hadde med seg 116 passasjerar sjølv i vintertida. Ifølge ordførar Noralv Distad viser dette moglegheitane for endå meir vinterturisme i Aurland
TURISTAR: Ferja mellom Gudvangen og Flåm hadde med seg 116 passasjerar sjølv i vintertida. Ifølge ordførar Noralv Distad viser dette moglegheitane for endå meir vinterturisme i Aurland (Foto: Noralv Distad)

Ordføraren i Aurland var turist i eigen kommune: – Potensialet er stort

Fredag var ordførar Noralv Distad i Aurland med 116 passasjerar på ferja mellom Gudvangen og Flåm, dei fleste frå utlandet.

Aurland: – Reiseliv er den største næringa i Aurland og potensialet for vidare vekst er stort, seier ordførar Noralv Distad etter å ha vore turist i eigen kommune for ein dag.

Distad tok turen frå Gudvangen til Flåm på fredag og det gjor han ikkje åleine. Totalt var det 116 passarsjerar. Dei fleste frå utlandet, og mest frå Asia

– Det er stor vekst i vinterturismen og det er all grunn til å forventa ytterlegare vekst i åra framover, seier Distad.

Aurland har mange tilbod til turistane også om vinteren. Det har vore to avgangar med båt kvar veg mellom Flåm og Gudvangen denne vinteren. Flåmsbana går fleire gongar for dagen og ordføraren kunne fortelja Porten.no om dagleg tilbod om fjordsafari, trugeturar og buss til Stegastein for vinterturistane.

– For meg som ordførar er det både nyttig og inspireande å testa vinterprodukta. Turen eg var med på var heilt fantastisk, både for meg og alle turistane.

VINTERTURISME: Det har blitt jobba i fleire år for å legge til rette for vinterturisme. Det er denne vakre naturen turistane, som oftast frå Asia, kjem for å sjå. (Foto: Noralv Distad)

Til toppen