HISTORISK: Eline Ytrehus og Arild Tveit vart det første ekteparet til å bli vigde i kommunestyresalen i Sogndal. Dottera deira Lisa (9 månader) sjarmerte ordførar og seremonimeister Jarle Aarvoll.
HISTORISK: Eline Ytrehus og Arild Tveit vart det første ekteparet til å bli vigde i kommunestyresalen i Sogndal. Dottera deira Lisa (9 månader) sjarmerte ordførar og seremonimeister Jarle Aarvoll. ( )

Ordføraren i Sogndal vigde sitt første ektepar

– Han tok rolla veldig bra, seier bruda etter den historiske hendinga.

Sogndal: Elin Yttrehus og Arild Tveit vart fredag det første paret som fekk æra av å bli vigde av ordføraren i Sogndal. Ansvaret for borgarlege vigslar vart overført frå sorenskrivaren til kommunane ved nyttår.

– Det var veldig flott, han greidde seg veldig bra, seier Tveit.

Seremonien vart halden i kommunestyresalen, der det var pynta med kvit duk, tente lys og blomar. 

– Det var ein fin seremoni og eit fint dikt ordføraren las. Han tok rolla veldig bra, seier Yttrehus.

– Det viser mangfaldet i ei ordførargjerning, seier Jarle Aarvoll.

Ordføraren i Sogndal seier han ikkje var spent før debuten, men at han mest gledde seg. Han håpar seremonien er noko ekteparet kjem til å hugsa. 

– Eg håpar at eg bidrog til at dette vart ei fin stund for ekteparet. Mine kollegaer har noko å sjå fram til, seier han.

Ekteparet seier dei skal ha ein ny seremoni i Hellas seinare i vår, der dei vil gjera litt ekstra ut av feiringa. I mellomtida kan dei gle seg over å vera historiske.

– Det var litt rart når media skulle komma. Men det er litt morsomt òg, seier Yttrehus.

Til toppen