KROKEN PÅ DØRA: Christoffer Knagenhjelm har saman med kona Trude drive med kulturformidling med utgangspunkt i kafeen Knaken på Kaupanger. Om somrane organiserer dei guiding og fungerer som eit besøkssenter for stavkyrkja. No er det slutt, men ordføraren vil det anleis. Foto: arkiv.

Ordføraren inviterer til møte − vil få Knaken til å snu

Ordførar Jarle Aarvoll håper Knaken kafè likevel ikkje legg ned drifta til neste år.

ØNSKJER DIALOG: Ordførar Jarle Aarvoll håper at Knaken vil bestå. No inviterer han til møte for å finne ut av provblema.
ØNSKJER DIALOG: Ordførar Jarle Aarvoll håper at Knaken vil bestå. No inviterer han til møte for å finne ut av provblema.

No inviterer han dei ulike partane; kommunen, fylkeskommunen, riksantikvaren, Knaken og Kaupanger Hovedgård, til eit felles møte der dei kan diskutere ei løysing på problema som har oppstått. 

− Her me må setja oss ned. ​Me ønskjer at kulturinstitusjonane Knaken og hovudgården skal få utvikla seg vidare, seier ordførar Jarle Aarvoll. 

Les også: Eldsjelene til stavkyrkja på Kaupanger er i ferd med å gje opp
Les også: Slutt for Knaken: – Trist at det skal ende slik​

Set pris på arbeidet som er gjort

I går vart det kjent at eigarane av kafèen Knaken på Kaupanger har bestemt å leggje ned drifta av til neste år. Dei har over tid følt at dei har fått for lite drahjelp av både kommunen og andre offentlege instansar i arbeidet med å ta vare på dei nasjonale kulturskattane dei rår over saman med Kaupanger Hovedgård.

Dråpen vart ein søknad om løyve til nydyrking, som etter ti månader enno ikkje er ferdig handsama. Målet er å sette kulturlandskapet i opphavleg stand, samstundes som graset skal gje mat til geitene på garden. Førebels er omlag 60 dekar rydda, av dei 200 dekar skog som er tenkt fjerna. Viss ikkje området vert sådd, vil det gro att ganske kjapt.  

Ordføraren seier han verdset innsatsen som har blitt gjort. 

− Knaken kafè og hovudgården er viktige institusjonar, som har gjort mykje for å ta vare på kulturlandskapet, seier han.

RIK HISTORIE: Kaupanger Hovedgård er freda, i tillegg dekkjer eigedomen delar av kjerneområdet for det historiske middelalderkaupangen. Det gjer sjansen stor for å finne kulturminne om du så berre stikk spaden i jorda, samstundes som det kan gjere det vanskeleg å utføre sjølv dei enklaste tiltak på garden.

Ønskjer å finne løysingar

Kommunen er den som skal gje svaret på nydyrkingssøknaden, men prosessen stoppa opp hos fylkeskommunen, som krev at det skal gjerast arkeologiske registreringar på delar av området. Først i går kom fasiten på kva det vil koste: den nette sum av 370.000.

På møtet ønskjer ordføraren å komme fram til løysingar på korleis dei skal unngå at hovudgården blir stijande att med heile rekninga.

− Sjansane for å få dekka heile, eller store delar av det, bør absolutt vere gode. Det finst støtteordningar og der vil me vere behjelpelege. For ein enkeltståande eigedom kan det verke urimeleg at ein sjølv skal ta kostnaden med ei utgraving, for utgravinga er eit arbeid du gjer på vegner av samfunnet. Det er viktige kulturminner å ta med seg vidare, seier Aarvoll.

Pengane er berre dråpen

Christoffer Knagenhjelm er glad for handsrekninga frå ordføraren, men kallar seg sjølv «positivt avventande». Det skal meir enn eit møte før han snur i avgjerda.

− Eg har endeleg hatt nok møter med kommunen, det har vi kvart år. Så enkelt er det ikkje. Det fordrar at kommunen har ei heilt anna haldning framover, både til Knaken og til arbeidet som hovudgården utfører. Viser dei genuin vilje til å få til utvikling her nede, så skal eg endeleg gå i drøfting med dei. Men slik stoda er no, så er kafeen nedlagt, seier han.

Det er heller ikkje nok viss det viser seg at dei får dekka utgiftene til dei arkeologiske registreringane.

− Pengane er berre det som har fått begeret til å renne over. Det handlar om den haldninga kommunen og fylket har til det arbeidet vi gjer for å ta vare på eit nasjonalt kulturminne, seier Knagenhjelm.

Til toppen