IKKJE NØGD MED OPPFYLGJINGA FRÅ STATEN: Ordføraren i Lærdal, Jan Geir Solheim, er ikkje nøgd med at innbyggjarane i Lærdal sjølve laut betala for diesel og drift av naudaggregat i 2014. 15 000 liter diesel laut til for å forsyna lærdalsøyri med straum etter brannen i januar 2014.
IKKJE NØGD MED OPPFYLGJINGA FRÅ STATEN: Ordføraren i Lærdal, Jan Geir Solheim, er ikkje nøgd med at innbyggjarane i Lærdal sjølve laut betala for diesel og drift av naudaggregat i 2014. 15 000 liter diesel laut til for å forsyna lærdalsøyri med straum etter brannen i januar 2014.

Ordføraren Jan Geir Solheim: – Lærdal vart svikta av staten etter brannen i 2014

Då Erna Solberg vitja Lærdal i samband med brannen for drygt fire år sidan, kom ho med ein lovnad ordførar Jan Geir Solheim (Sp) meiner ikkje har vore fylgd opp.

Lærdal: – I historia om brannen i Lærdal er det mange heltar, men so er det òg ein syndebukk som ikkje heldt det han lova. Folket i Lærdal er heltane, syndebukken er staten, seier Jan Geir Solheim (Sp), ordføraren i kommunen. 

Lærdølene laut betala for 15 000 liter diesel

Det høgspente koplingsanlegget til hovudtransformatoren på Lærdalsøyri gjekk med i eldhavet då brannen herja i Lærdal i januar 2014. Å få på plass nytt koplingsanlegg tok eit heilt år, og kosta ti millionar kroner. Men denne kostnaden fekk Lærdal Energi dekt inn frå forsikringa. 

Noko anna som også kosta energibyrået flesk, var utgiftene til diesel for å drifta aggregata i Lærdal i tida etter brannen. Dette svart ikkje dekte av staten.

– Dei fyrste to døgera laut me nytta 15 000 liter diesel for å ha straum på Lærdalsøyri, seier Jan Ove Breingsnes i Lærdal Energi. 

Det vart dermed til eit millionbeløp som Lærdal Energi ikkje fekk på forsikringa.

– Me forventa at staten skulle dekkja den rekninga. Og statsminister Erna Solberg lova oss det den måndagen ho kom på besøk etter brannen. Men so vart me ein kasteball mellom fire ulike departement dei neste åra, og ingen tok ansvaret for å gje oss midla som lova, seier ordførar Solheim. 

I mellomtida har lærdølene i fellesskap betalt ned millionbeløpet gjennom nettleiga. Jan Geir Solheim meiner det er snakk om ti millionar kroner. – Me vart bedne om å laga ein plan og laga ei rekning saman med fylkesmannen. Det gjorde me. Men so so fekk me avslag frå staten. Dette gjorde nettleiga vår dyrast i landet, seier Solheim, som meiner det er urettvist at lærdølene har måtte punge ut slik.

LAUT KREVJA INN EKSTRA NETTLEIGE: På grunn av utgiftene Lærdal Energi hadde med brannen, kravde dei inn høgare nettleige frå innbyggjarane dei neste åra. Men frå og med fyrste januar 2018 er nettleiga so låg som ho skal vera att, blant dei lågare i landet. Utgiftene med brannen er nedbetalte.  Bilde: Snorre Sandemose

Kommunaldepartementet svarar

Ettersom ordførar Solheim skuldar staten for å ikkje ha halde eit løfte statsministeren sette fram, ringde Porten.no pressevakta til statsministeren. Her vart me synte vidare til Kommunal- og moderniseringsdepartementet. 

Statssekretær der, Lars Jacob Hiim (H), har gjeve eit svar. Han skriv til Porten.no at departementet kan gje stønad til kommunar som opplever å verta utsette for ekstreme hendingar og naturskader. «Stønaden skal gå til å dekkja utgiftene til kommunen i akuttfasen», skriv han. 

Kan ikkje hjelpa Lærdal Energi når det er eit aksjeselskap

Vidare held Hiim fram at vanleg praksis ved naturskade er å dekkja halvparten av dei ekstraordinære utgiftene til kommunen. 

SVARAR PÅ KRITIKKEN: Lars Jacob Hiim, statssækretær i kommunaldepartementet, vedgår at Lærdal Energi sjølv laut betala for drifting av naudaggregat. Men han minner òg om at Lærdal fekk ein del ytingar frå staten som det ikkje er vanleg å få. 

Ettersom sterk vind var med på å gjera brannen i Lærdal so kraftig, var dei katastrofale fylgjene han fekk også eit resultat av naturskade. 

Hiim seier at dersom utgiftene er so store at det vil kosta kvar innbyggjar i kommunen meir enn 250 kroner, so vil departementet trå til og betala resten av rekninga. 

Men ettersom Lærdal Energi har ein aksjeselskapsstruktur, kan ikkje staten dekkja inn pengane selskapet laut bruka på naudstraum og aggregat etter brannen, forklarar han. Slik avsluttar han det skriftlege svaret til Porten.no: 

 «Utgiftene til naudstraum og aggregat går til Lærdal Energi AS, som er eit aksjeselskap som sel straum til heile landet. Kommunal- og moderniseringsdepartementet dekkjer normalt ikkje utgifter aksjeselskap får på grunn av skader. Me prioriterer å bruka midla på utgiftene til kommunen.»

Staten har likevel ytt Lærdal mykje hjelp i samband med brannen

Hiim gjer merksam på at Lærdal kommune til saman har motteke 19,3 millionar kroner i kompensasjon frå staten etter brannen.  Av dette har 4,9 millioner kroner gått til å kompensera for utgifter i akuttfasen under brannen, medan 6,1 millioner kroner gjekk til opprydding og attoppbygging av kommunal infrastruktur.

Hiim nemner òg tre millionar kroner Lærdal har fått til leiar- og kompetansestøtte i samband med brannen, og fem millionar kroner i omstillingsmidlar. Desse to siste tilskotta er eigentleg ikkje vanlege å få, seier statssekretæren.

Til toppen