KAN SMILE: Ordførar i Årdal, Arild Ingar Lægreid, kan smile for eit godt driftsresultat for Årdal kommune i 2016. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 
KAN SMILE: Ordførar i Årdal, Arild Ingar Lægreid, kan smile for eit godt driftsresultat for Årdal kommune i 2016. Foto: Truls Grane Sylvarnes.  (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

Ordføraren kan smile for grøne tal i rekneskapen

– Det er ein stor lettelse, seier Arild Ingar Lægreid og takkar alle som bidreg til dei gode tala. Her er tala for din kommune.

Årdal: Årdal kommune kan vise til eit overskot på 8,6 millionar kroner i 2016. Det betyr at kommunen held fram den positive utviklinga etter at han kom ut av Robek-registeret. 

Det er godt over prognosen som blei lagt fram for politikarane før jul, der kommunen truleg ville gå i null. Da har ordføraren god grunn til smile.

– Ja, det tykkjer eg er flott – at me klarar å koma oss på plussida sjølv om ein del av resultatet skuldast god skatteinngang. Positivt tal er eit positivt tal, og det set eg stor pris på, seier han.

Rekneskapen for nokre av kommunane er ikkje reviderte.

Får drahjelp

For det er ikkje eine og åleine god økonomistyring som sikrar grøne tal hjå kommunane i Sogn i 2016. 

– Den viktigaste årsaka til overskota er ein betydeleg skattevekst på fem milliardar kroner meir enn det kommunane budsjetterte med. Årsaka er at det har kome endringar i utbyteskatten for privatpersonar som gjer at det er teke ut store utbytte i 2015, som igjen er blitt skatta av i 2016, seier Sigmund Engdal, som er spesialrådgjevar for kommuneøkonomi i KS, til NRK.

Slik er også ståa for dei fleste andre kommunane. I Aurland var netto driftsresultat på 11,1, millionar kroner mot budsjetterte 4,3 millionar. Hovudårsaka til plussen ligg på finanssida med høgare renteinntekter på innskot på grunn av god likviditet, lågare renteutgifter på låna, samt høgare utbytte enn budsjettert.

Godt resultat i Sogndal

I Sogndal er overskotet på 19,5 millionar kroner, noko som utgjer 7,9 prosent av driftsinntektene. Det er godt over dei tre prosentane det var budsjettert med. Også her skuldast overskotet den nasjonale skatteveksten.

– Då må ein vise til driftseiningane, god budsjettdisiplin og svært god økonomistyring, samt styring frå rådmannen og nedover i organisasjonen. I Sogndal har det alltid vore god budsjettstyring. Det fører til at ein litt om litt kan gjera større investeringar, seier ordførar Jarle Aarvoll, som også rosar politikarar og tilsette i tillegg til administrasjonen.

– Mange vil då kanskje lure på om ein burde bruke meir på drift, men då må ein hugse på at dette var ekstraordinært for 2016, så det let seg forklare slik.

Eit godt resultat gir meir handlingsrom for kommunane, der ein i staden for å låne pengar, kan bruke av overskotet til investeringar. 

– Det er gledeleg at det er gjennomgåande i mange kommunar med eit godt resultat. Det er bra for utviklingskrafta i Sogn, legg han til.

Kan setja av pengar til prioriteringar

I Luster er det også gode tal. Rekneskapen syner her eit netto driftsresultat på 19 millionar kroner, noko som er om lag 14 millionar betre enn 2015. Dette skuldast i hovudsak store ekstra tilbakebetalingar på utlån til næring og mindre utlån til næring enn budsjettert, og lågare gevinst på finansielle instrument enn i 2015, er forklaringa frå økonomisjef Kjell Sverre Snøtun.

Bruttoresultatet er på 7 millionar kroner og skuldast i hovudsak større skatteinntekter enn budsjettert, noko større statstilskot enn budsjettert og diverse innnsparingstiltak.

For ein kommune som Årdal, som formelt vart utmeld av Robek i fjor, er det ein lettelse å sjå slike tal, innrømmer Lægreid.

– No får me moglegheit til å setja av pengar til ting som kommunestyret vil prioritere. Det er dei som bestemmer kva pengane skal nyttast til, seier han.

Tala for Lærdal kommune er i skrivande stund ikkje klare. Porten.no har heller ikkje lukkast å få tak i tala for Leikanger kommune. 

Til toppen