TIL TOPPS: Jan Geir Solheim, ordførar i Lærdal, måtte heilt til topps for å offisielt opna den nye klatreparken i Lærdal.
TIL TOPPS: Jan Geir Solheim, ordførar i Lærdal, måtte heilt til topps for å offisielt opna den nye klatreparken i Lærdal. (Foto: Sunniva Knutsen)

Ordføraren klatra til topps på opninga av den nye klatreparken: Sjå video

Ordførar Jan Geir Solheim fekk seg ei overrasking då han kom til opninga av den nye  klatreparken i Lærdal.

Lærdal: – Eg trudde eg skulle få koma hit og klyppa ei snor og heller be kommunestyret ta seg av klatringa, i staden ser eg at sløyfa heng heilt i toppen, seier han og ler. 

Torsdag var det nemleg duka for opninga av den nye klatreparken som står plassert ved Lærdalsøyri barne- og ungdomsskule.

Tok utfordringa på strak arm

Før ordføraren kom til staden var det Inger Kari Selås, kunst og handverklærar for 4.- til og med 10.klasse, og Agnar Aarethun, lærar i 1.klasse, som stod for rigginga. 

Dei kom fram til at ordføraren skulle få prøva seg, og knytte ei lilla sløyfe heilt i toppen av tårnet. 

Ei utfordring ordføraren tok på strak arm, og etter musikalsk innspel frå den nye distriktsmusikanten Tom Karlsrud, sette han av gårde, medan dei små heia til stor jubel. 

Saka held fram under videoen.

Då sløyfa var løysna storma åttandeklassingane klatretårnet. Då ordføraren omsider fekk koma ned att på bakkenivå sa han følgjande: 

– Det er mykje høgre enn det ser ut, og eg som har litt høgdeskrekk i tillegg, ler han. 

Eit meir komplett uteområde

Med det nye tilbodet framfor skulen, kan elevane frå 1.- til og med 10.klasse no boltra seg med klatretårn og hinderløype.

Frå før består leikeplassen av sandvolleyballbane, fotballbane og skaterampe. 

– Det er ikkje alle elevar som likar ballspel eller skating. Utetilbodet har vore litt mangelfullt til no, seier Selås. 

Ho meiner at ein klatrepark kan vera med å tilby eit meir heilheitleg tilbod for elevane, noko ordføraren sa seg einig i. 

Både Selås og Aarethun seier seg særs positive til klatreparken, og seier det er god trening, bra for koordinasjonevna, og ikkje minst at det er noko elevar i alle aldrar kan nytta seg av.

Til toppen