IKKJE NÅDIG: Ordførar Jarle Aarvoll i Sogndal meiner Sogn Avis har feilinformert lesarane og at redaktøren ikkje er objektiv når han skriv om barnevernet i kommunen.
IKKJE NÅDIG: Ordførar Jarle Aarvoll i Sogndal meiner Sogn Avis har feilinformert lesarane og at redaktøren ikkje er objektiv når han skriv om barnevernet i kommunen. (Foto: Halvor Farsund Storvik/arkiv)

Ordføraren langar ut mot lokalavisa etter PFU-dom: – Sogn Avis har feilinformert lesarane sine

Ordførar Jarle Aarvoll sparar ikkje på krutet når han omtalar Sogn Avis si dekking av dei tidlegare arbeidsmiljøproblema i Sogn barnevern.

Sogndal: Tysdag vart Sogn Avis felt i Pressens faglige utval (PFU) for ein kommentar som hevda at det i nasjonal samanheng var «skyhøge avvik» i Sogn barnevern. PFU er eit klageorgan, oppretta av Norsk Presseforbund, som skal overvaka og fremma den etiske og faglege standarden i norsk presse.

– Me er glade for at PFU fastslår dette og at dei på den måten slår fast at Sogn Avis har feilinformert lesarane sine, seier Aarvoll.

Redaktør Jan Inge Fardal seier dei innrømte feilen allereie i tilsvaret til klagen og at dei ville ha retta han opp om kommunen hadde påpeika han tidlegare. Ellers er han glad for den avgrensa dommen. Les heile reaksjonen til Fardal her

Meiner feilinformasjon har ført til omdømetap

Avisa var klaga inn av kommunen for fleire punkt, men vart berre felt på eitt. Trass i den avgrensa dommen, meiner ordføraren den stadfester at Sogn Avis har brote god presseskikk. 

Han meiner påstanden om dei «skyhøge avvika» har ført til stor belastning for dei som jobbar i barnevernet og eit omdømetap for kommunen. Ordføraren seier kommunen i fleire samanhengar har prøvd å korrigera påstanden, mellom anna gjennom politiske organ.

– Sogn Avis er ein så dominerande informasjonskanal i Sogn at det har vore vanskeleg, sjølv for ein kommune, å koma ut med rett informasjon når avisa feilinformerer, seier Aarvoll.

Meiner redaktøren har blitt part i saka

Han støttar rolla lokalavisa har som vaktbikkjer i samfunnet. Men han liker ikkje at avisa verkar å ha ei slagside mot kommunen i barnevernssaka. Det har hindra ei objektiv framstilling, slik han ser det.

– Me meiner at vedtaket i PFU viser at me ikkje kan stola på redaktøren sin objektivitet i denne saka, men at han har blitt ein part og at dekkinga av saka har vore einsidig, seier Aarvoll.

Redaktør Fardal påpeiker at det nettopp var deira omtale av arbeidsmiljøproblema som var utløysande for at kommunestyrepolitikarane til slutt krevde ei ekstern gransking av barnevernstenesta.

Til toppen