NASJONALE MILJØKRAV: Aurland-ordførar Noralv Distad (H) påpeikte overfor klima- og miljøminister Vidar Helgesen (H) at nye krav til utslepp i skipsfarten må gjelda for heile landet for at det ikkje skulle ha ein konkurransevridande effekt.
NASJONALE MILJØKRAV: Aurland-ordførar Noralv Distad (H) påpeikte overfor klima- og miljøminister Vidar Helgesen (H) at nye krav til utslepp i skipsfarten må gjelda for heile landet for at det ikkje skulle ha ein konkurransevridande effekt. (Bilde: Jan Christian Jerving)

Ordføraren møtte miljøministeren: – Miljøkrava må gjelda nasjonalt

Noralv Distad (H) meiner det er viktig med meir miljøvenleg skipsfart, men er klar på at dette må gjelda for heile landet. 

Aurland: Dagen etter valet møtte Aurland-ordføraren og kollega i Stranda kommune klima- og miljøminister Vidar Helgesen (H) for å diskutera tiltaka som skal få ned utsleppa i fjordane.

I møtet la ordførarane fram sitt syn på saka. Der var den klare meldinga at kommunane er positive til ein meir miljøvenleg skipsfart, men at reglane som skal koma ut av prosessen må gjelda for heile landet, ikkje berre i Aurlandsfjorden, Nærøyfjorden og Geirangerfjorden.

– Nye miljøkrav og strengare regelverk må gjelda nasjonalt slik at ein får reell miljøeffekt og unngår konkurransevriding. Utfordringane knytt til cruise må òg sjåast i samanheng med annan trafikk i dei ulike områda, sa ordføraren då ha orienterte kommunestyret om møtet.

– Konsekvensane er dei same uansett kor dei går i hamn. Me meiner ein bør løfta ambisjonsnivået for å få betre effekt. Cruisetrafikken utgjer rundt 25-30 prosent av den totale trafikken, så det er fleire som bidreg til utsleppa.

Fleire tiltak

Cruiseturisme er ein viktig del av næringslivet i Aurland, men med turistane følgjer det også utslepp frå skipa, noko som har blitt eit stadig heitare tema dei siste sesongane.

Det var i mai at Sjøfartsdirektoratet la fram sin rapport på oppdrag frå departementet. I rapporten vert tiltak som avgrensa NOx-utslepp, reduksjon i tal skip og forbod mot utslepp av kloakk drøfta. I prosessen framover no kjem direktoratet til å ha kontakt med kommunane.

– Når direktoratet legg fram si tilråding, kjem departementet til å ta stilling til vidare prosess. Eventuelle konkrete framlegg om nye restriksjonar må inn i forskrift, og då vert sjølvsagt berørte kommunar høyringsinstans, forklarte Distad.

Vil setja i gang før

Monica Gjesdal Larsen (MDG) var glad for å høyra ønsket om å løfte ambisjonsnivået til å gjelda nasjonalt, men ser gjerne at kommunen går i gang med noko av arbeidet med det same.

– Det blir kanskje ein konkurransevriding ei stund, men eg tenkjer at den kostnaden er positiv på lang sikt. Viss me skal venta på at dei nasjonale forskriftene skal koma på plass, kan me tapa kampen som handlar om bevaring av fjordane våre, sa ho.

Til toppen