Gulen/Masfjorden: – Eg er ikkje kjend med dette anna enn at eg vart informert litt om det av Trygve Wergeland i Wergeland Gruppa tidlegare, og eg fekk beskjed om at det ville komme ein offisiell søknad, seier ordførar i Gulen, Hallvard Oppedal (Sp) om planane Wergeland Holding AS har laga for ein fleirbrukshall i Sløvåg.

Ordføraren om planane om fleirbrukshall i Sløvåg: – Vert noko vi må vurdere
Gulen og Masfjorden har tidlegare ikkje klart å samarbeide om eit interkommunalt anlegg. Ordføraren i Masfjorden seier Gulen først må ta stilling til kvar dei vil ha eit symjebasseng, men at Masfjorden kan vurdere eit samarbeid.