IKKJE NØGD: Ordførar Noralv Distad i Aurland må konstantere at kampen for å få flaumsikra Flåmselvi nok ein gong møter motstand.
IKKJE NØGD: Ordførar Noralv Distad i Aurland må konstantere at kampen for å få flaumsikra Flåmselvi nok ein gong møter motstand. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

Ordføraren ønskjer å hindra ny storflaum i Flåm, men no har han fått nytt avslag

Ordførar Noralv Distad (H) vil uansett krevja at Stortinget får saka på bordet.

Aurland: – Eg er skuffa over at departementet ikkje vil legga fram saka for Stortinget, seier ordførar Noralv Distad i Aurland kommune.

I 2014 vart Flåm råka av storflaum. I november 2016 ba kommunen om å få vurdert fordeler og ulemper ved å gjera inngrep for å redusera faren for flaum i vassdraget, dette i ei såkalla konsesjonsutgreiing. No, halvanna år seinare, har dei fått svaret.

SKEPTISKE TIL INNGREP: Flaumen i 2014 førte til store skadar i Flåm. Arbeidet for å sikra Flåmsvassdraget mot framtidige flaumar har gått i oppoverbakke både før og sidan. Foto: arkiv 

Men som du skjønar på ordføraren, var det ikkje svaret dei håpa på:

NVE tvilar på effekten

– Det er skuffande. Me meiner at me har framført gode argument, seier Distad, og viser til rapporten som vart utarbeidd av Multikonsult i 2016.

Den konkluderer at flaumane vil bli større og koma hyppigare, men at det er mogleg å redusera dei ved å gjera nokre inngrep i Flåmsvassdraget. 

Problemet er berre at Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) tvilar på om tiltaka vil ha den store effekten, ein viktig grunn til at Olje- og energidepartementet no ikkje vil fremja saka for Stortinget. Det same var konklusjonen i 2015. 

– Me har ansvar for liv og helse til eigne innbyggjarar. Eg meiner me har strekt oss langt, me har brukt mykje av eigne midlar og jobba mykje for denne saka. Så ser me at departementet ikkje anser dette for å vera naudsynt, seier Distad skuffa.

Distad ønskjer uavhengig vurdering

Flåmsvassdraget er verna mot kraftutbygging og ei nasjonal lakseelv. Fleire innbyggjarar og miljøforkjemparar har vore skeptiske til å opna for flaumdempande tiltak. Dei er uroa for det biologiske mangfaldet og for villaksen.

– Me meiner at det kun gjennom ei konsesjonshandsaming at me får ei full gjennomgang av saka, og får vege fordelane med inngrep opp mot verneverdiane, seier Distad.

Han ønskjer no ei uavhengig vurdering av saka.

– Når NVE konkluderer med at tiltaka ikkje har sterk nok flaumdempande effekt, medan Multiconsult meiner det motsette, så synst me at ein tredjepart bør inn og føreta ein vurdering, seier Distad.

Om dei ikkje skulle få gjennomslag for det, meiner Aurland kommune likevel at Stortinget er rette instansen til å ta avgjerd i saka.

– Me vil jobba vidare, seier Distad.

Til toppen