MØTER HYDRO: Årdal manglar utstyr for å arbeide i høgda. I neste veke skal ordførar Arild Ingar Lægreid i møte med Hydro for å diskutere dette og ei tilleggsrekning på 700.000 kroner. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
MØTER HYDRO: Årdal manglar utstyr for å arbeide i høgda. I neste veke skal ordførar Arild Ingar Lægreid i møte med Hydro for å diskutere dette og ei tilleggsrekning på 700.000 kroner. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Ordføraren skal møte Hydro og diskutere sløkkeutstyr

Årdal manglar utstyr for å arbeide i høgda. Denne veka skal ordførar Arild Ingar Lægreid i møte med Hydro for å diskutere dette og ei tilleggsrekning på 700.000 kroner.

Årdal: Det var i påsken Porten.no omtalte årsrapporten til brannvernet i Årdal, der det går fram at brannberedskapen ikkje har utstyr til å handtera hendingar i høgda på bustadblokker og kontorbygg.

No ordføraren i Årdal, Arild Ingar Lægreid, bede om eit møte med Hydro, som kommunen har eit samarbeid med. 

– Det er to forhold som ligg på bordet. Det eine er tilleggrekninga som er presentert for kommunen i 2016, og så er det dette med utstyr til å sløkke i høgda, seier Lægreid til Porten.no.

UTSTYR: Gaute Johnsgaard seier han ønskjer seg utstyr som gjer at brannvesenet kan sløkke i høgda. 
UTSTYR: Gaute Johnsgaard seier han ønskjer seg utstyr som gjer at brannvesenet kan sløkke i høgda. 

– Viktig for å gjere ein god jobb

I Årdal finst det mange bustadblokker og fleire høge kontorbygg som kan gi brannvesenet utfordringar ved brann. 

– Eg kunne ønskt meg slikt utstyr, for å seia det slik. Når me har folk i kommunen som bur i både tredje og fjerde etasje, så hadde det vore greitt å ha utstyr til å både evakuera og å sløkka brannar på ein meir effektiv måte enn i dag, sa brannsjef Gaute Johnsgaard til Porten.no i førre veke. 

Dette blir altså eitt av temaa i møtet med Hydro, fortel ordføraren.

– Det er voldsomt viktig med best mogleg utstyr for å gjere ein best mogleg jobb. Det er ikkje første gongen denne kjem opp, så det er på tide at me tek tak i det. Eg skal ikkje forskuttere løysinga, men eg skal gjere det eg kan for å få noko på plass, seier Lægreid.

Tilleggsrekning

I dag vert kostnadene mellom dei to partane fordelt 60-40. Årdal kommune har motteke ein tilleggsrekning på om lag 700.000 kroner for 2016 frå Hydro i høve budsjett, som ikkje er bokført. Det er denne tilleggsrekninga som skal avklarast i møtet.

– I møtet vil me sjå på moglegheita for å sløkke i høgda, medan dette med økonomi er noko me tar med Hydro. Det vil eg ikkje gå inn på her, seier han.

Til toppen