HAUSTGLADE FERDAFOLK: Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden byd på uforgløymelege, mektige naturopplevingar, og ikkje berre som sommaren.
HAUSTGLADE FERDAFOLK: Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden byd på uforgløymelege, mektige naturopplevingar, og ikkje berre som sommaren. (Bilde: Noralv Distad)

Ordføraren tok dette biletet frå stova si – stadig fleire finn vegen til Aurland i mørketida

Aldri før har det vore så mange turistar i Aurland så langt ut på hausten

Aurland: Ordføraren i Aurland, Noralv Distad, tok dette biletet frå stoveglaset sitt sundag 1. oktober av katamaranen "Fjordsyn", fullasta med turistar. Båten har daglege avgangar.

Distad meiner det er naturleg om turistar strøymer til Indre Sogn både haust, vinter og vår, og ikkje berre i høgsesongen: 

– Vi bør vere stolte av heilårsproduktet. Skal ein verkeleg oppleve Noreg, bør ein oppleve det om vinteren òg, seier Distad. 

Driftsleiaren Torgeir Skjerdal i Flåm Guideservice, eit byrå som driv med båtturar i små  tolvmanns-båtar på Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden, er samd med ordføraren, og utdjupar:

– Fleire og fleire reisande er på jakt etter det unike, dei vil ut og finne det autentiske. Då er vinterturar til Flåm midt i blinken. Naturopplevingane er sterke, og så er det ikkje så mange andre turistar til stades.

– Ikkje lenger same behovet for å promotere sommaren

Skjerdal fortel at Flåm Guideservice ikkje lenger treng å marknadsføre sommarproduktet sitt like mykje som før, for det sel seg sjølv. No er det vinteren dei aktivt promoterer, og så vår og haust, slik at ein kan stabilisere seg som ei heilårsverksemd. 

Skjerdal trur vinterturane kan verke endå meir eksotiske på somme turistar, og har trua på at det vil verte meir og meir populært å kome på opplevingstur til Indre Sogn i mørketida i åra som kjem.

Og alle mørketimane bør ikkje by på så store problem:

– Vi tilpassar programmet etter dagslyset. Til dømes har vi to trugeturar for dagen oppe ved Stegasteinen, ein i den «blå timen» ved soloppgang, og ein tur ved solnedgang. 

Og sjølv om dagane er kortare, går det fint å til dømes arrangere dagsturar til Underdalen eller til stavkyrkja i Borgund:

– Vi ser at slike eineståande reisemål er minst like godt likte blant turistane om vinteren som om sommaren, seier Skjerdal. 

– Optimistisk ordførar

 Ordførar Distad er optimistisk med tanke på kva turismen i Sogn kan føre med seg av stabil vinst for Aurland kommune. 

– Vi ser alt no at folketalet i Flåm har auka, seier han.

Han nemner ei rad bedrifter i kommunen som no gjer det bra på heilårsbasis, alt frå butikkar til utfluktsoperatørar, serverings- og overnattingsstader. Distad vil gje honnør til alle aktørar som har vore tolmodige og satsa langsiktig på det dei trur på. 

– Svaret frå turistane er klart: Fjordlandskapet er storslege og verdt eit besøk til alle årstider, avsluttar ordføraren. 

 

 

 

 

 

 

 

 
Til toppen