Luster: Ordførar Ivar Kvalen i Luster misliker sterkt at ambulansen som er i beredskap i Gaupne på dagtid er vedteken flytta til Sogndal.
Onsdag klaga kommunen på vedtaket i eit brev til Helse Førde.
– Det er stor uro for at flytting av dagbilen vil gje auka responstid og langt fleire samtidige konfliktar i høve ambulansetilbodet. For våre innbyggarar er nærleik til akutthjelp svært viktig og må oppretthaldast, skriv Kvalen i klagen til helseføretaket.
- Les óg: Samla seg kring ambulansen i Lavik: – Me er menneske, ikkje berre statistikk
- Les óg: Turist slo hovudet i asfalten og måtte venta i over ein time på legehjelp
– Urimeleg
I brevet minner ordføraren om at dei i 2010, etter krav frå Helse Førde, bygde ein moderne ambulansestasjon tilpassa to bilar.
– Me var med det dei første og beste med dette i fylket og finn det urimeleg at dette no skal byggjast ned. Med flytting av bilen vert fagmiljøet svekka, kompetanse går tapt og ressursane her lokalt vert dårleg utnytta. At eventuell gevinst ved flytting skal oppvega dette tvilar me på, argumenterer ordføraren.
Luster har få innbyggjarar, men er til gjengjeld den største kommunen i Vestland fylke reint geografisk. Om sommaren, derimot, blir talet fort mangedobla når turistane inntek regionen.
– Dette tilseier at sågar dagens beredskap er sårbar. At denne no skal bli ytterlegare svekka skapar uro, skriv Kvalen.