Ordføraren utfordrar næringslivet til å drifte bassenget
(Foto: Ina Eirin Eliassen/arkiv)

Ordføraren utfordrar næringslivet til å drifte bassenget

Arild Ingar Lægreid inviterer næringslivet i Årdal med på eit spleiselag for å få vatn i bassenget att.

500 000 kroner er det som må til for at bassenget på Årdalstangen skal fyllast med vatn igjen. Dei siste tre åra har friluftsbadet vore mellombels stengt som ein del av innsparinga Årdal kommune.

No er over halvparten av summen på bordet takka vere bidrag frå Årdalsnett, Hydro Aluminium Årdal og Norsun. Difor utfordrar ordførar Lægreid resten av næringslivet til å vera med på spleiselaget.

SPLEISELAG: Ordførar i Årdal, Arild Ingar Lægreid, inviterer til spleiselag for å få drift i friluftsbadet på Årdalstangen. Arkiv
SPLEISELAG: Ordførar i Årdal, Arild Ingar Lægreid, inviterer til spleiselag for å få drift i friluftsbadet på Årdalstangen. Arkiv

– Det er eit stort engasjement på Årdalstangen, særleg rundt det å få vatn i bassenget. Eg tykkjer det kunne vore bra å få det til for å skapa meir aktivitet rundt torget i sommar, seier Lægreid til Porten.no.

– Det eg prøver på no denne gongen er å få det til utan å bruka kommunen sitt driftsbudsjett, så får me drøfta korleis me løyser det neste år. Eg gjer eit forsøk på å få til ein dugnad rundt dette i bygda. 

Stort engasjement

Drifta av bassenget er ikkje ei lovpålagt kommunal teneste, og difor blei dette eit av innsparingstiltaka til kommunen då dei havna på Robek-lista. No har innbyggarane sett seg så leie på mangelen av eit utebasseng at dei har starta ein underskriftskampanje med Reidun Fodnes og Bodil Selland Nordnes i spissen.

LES OGSÅ: Sankar underskrifter for å få vatn i bassenget att

– Me skal prøva å få opna bassenget fordi me synest det er altfor mange ungar som blir gåande heile sommaren utan eit tilbod. Om ikkje dei badar, er dette ein samlingsplass. Det er trygge omgjevnader i staden for at dei badar på Loi eller i sjøen i Seimsdalen. Med det flotte bassenganlegget, trur eg at dersom kommunen hadde hatt vilje, hadde dei funne plass til 500 000 kroner, sa Nordnes til Porten.no.

Sponar idrett og kultur

Til no har altså Årdalsnett, Hydro og Norsun sagt seg villige til å vera med på eit spleiselag. Største kakestykkje er det Årdalsnett som står for med 200 000 kroner. Deretter kjem Hydro med 50 000 kroner og Norsun med 25 000 kroner.

– Årsaka til at me er med kan ein begrunna i at me sponsa anna idrett og kultur. Årdalsnett er tungt inn på alle område innanfor idrett og kultur i Årdal og ser på dette som ein del av det, seier dagleg leiar Odd Øren.

LES OGSÅ: Vil utvida opningstida i friluftsbadet

Han fortel at det er over ein månad sidan dei fekk denne førespurnaden og at styret i verksemda har nokre forutsetningar for å vera med, blant anna at andre bedrifter og tredje sektor er med og bidreg med dugnad. Dei vil også ha ein rapport når sesongen er over som fortel noko om besøkstalet.

– Det kan tenkast at dette går ut over andre ting me hadde tenkt å bruka sponsormidlar på. Det er såpass stor sum at det vil gå ut over anna. Bassenget må verkeleg bli brukt, så me vil ha dokumentert besøkstala for å sjekka at me ikkje kastar pengar ut i tomme lufta, seier Øren.

Teknisk mogleg med drift

Måndag denne veka kunne Porten.no fortelja at det er teknisk mogleg å få bassenget i stand til sommaren. Idrettskonsulent i kommunen, Arne Hovland, forklarte då at årsaka til friluftsbadet på Årdalstangen var så mykje dyrare i drift enn det i Øvre Årdal, var fordi det i Øvre Årdal nytta spillvarme frå Hydro.

LES OGSÅ: Mogleg å få drift i bassenget i sommar

Han fortalte også at kommunen treng fire veker til å få bassenget klart. Ordførar Lægreid seier han må ha ei avklaring i laupet av neste veka dersom dette skal gå i orden. 

– Det er slik at når det gjeld det å få aktivitet, som no er etterlyst, så ser eg ikkje anna måte å få det til enn å gjera dette til eit spleiselag. Det byrjar å hasta med å få til ei avklaring, seier han og fortel at kommunen gjennom eit langsiktig prosjekt i Årdal Utvikling prøver å skapa aktivitet på Årdalstangen. 

Til toppen